Hopp til innhold

Er dette landets minste turnébil?

Musikaren Egil Olsen likar å ha det intimt når han drar rundt i landet på turné. Sjølv er han sikker på at ingen andre norske musikarar har så liten «turnébuss» som han.

Egil Olsen

Egil Olsen må planlegge godt for å få plass til alt utstyret i bilen når han skal på turné.

Foto: privat

I ei ørliten Toyota IQ står fem gitarar, to forsterkarar, to kasse med kablar og anna utstyr stabla. I tillegg har låtskrivar og musikar Egil Olsen med seg gitarist Pål Solhaug. Fredag køyrde dei to frå Ålesund til Nesodden i den tronge bilen. Laurdag gjekk turen frå Nesodden til Oslo for å promotere det nye albumet «Ooo What happened».

– Eg må ha Noregs minste turnébuss. Ingen andre er så dum, ler Egil Olsen.

Det var avisa Møre-Nytt som først omtalte saka.

Olsen forklarar bilkjøpet med at før hadde han berre kassegitaren og seg sjølv. Men etter at han lagde det siste albumet som er meir komplisert, balla det på seg med utstyr for å opptre.

LES OGSÅ:

Beste liveartist

Egil Olsen kjem frå Ørsta på Sunnmøre og var tidlegare frontfigur for bandet Uncle's Institution. Seinare har han gitt ut fleire album og både laga låtar for dataspel og teikna sjølvbiografisk teikneserie i Dagbladet. Olsen vert omtalt som ein av landets beste liveartistar og er kjend for å vere ein underhaldar mellom låtane og få publikum til å le.

Egil Olsen

Egil Olsen er allsidig. I tillegg til å vere låtskrivar og artist, lagar han også teikneseriar.

Foto: Gitte Johanessen / NTB

Dystert og mørkt

Den siste plata er den tristaste og dystraste Olsen har laga. Og det mest personlege.

– Eg trudde på eit tidspunkt at dette berre var ei plate for meg sjølv, men eg har prøvd å vri den slik at den skal ha betydning for andre også. Det ser ut som eg har lukkast med, seier Olsen. Han er nøgd med gode kritikkar og brev frå fansen.

– Det var vanskeleg å finne den korrekte balansen mellom poesi og privatliv i låtane. Det var med vilje at eg gjekk i kjellaren. I staden for å vri det dystre om til noko fint som eg vanlegvis har gjort, tok eg tak i det dystre, seier Olsen.

Har blitt pappa

Han forsikrar om at han har det bra til trass for eit mørkt album. Han har nyleg blitt pappa, og no køyrer han fram og tilbake frå spelestadar og til Nesodden der han bur saman med kone og baby. Kona er også musikar, og brukar den vesle Toyotoaen når ho skal opptre.

– Ho syng klassisk opera og skal heldigvis ikkje pakke mykje utstyr i bilen, ler Olsen.