NRK Meny
Normal

Har gitt ut fire plater på fire år

Han gir ut si fjerde plate på fire år, og instrumentalmusikaren Stig Ulv har dedikert melodi til sin nyfødde son.

Artisten Stig Ulv i Hovdebygda gir no ut si fjerde plate på like mange år. Han kan ikkje lese notar, er inspirert av Mark Knopfler og har dedikert ein av melodiane på den siste plata til sonen Johannes som kom i april. platar

Sjå tv-saka: Artisten Stig Ulv i Hovdebygda gir no ut si fjerde plate på like mange år. Han kan ikkje lese notar, er inspirert av Mark Knopfler og har dedikert ein av melodiane på den siste plata til sonen Johannes som vart fødd i april.

– Den siste melodien på plata heiter vogga og den laga eg til sonen min før han vart fødd, seier Stig Ulv medan han løfter den nyfødde sonen opp av senga.

Ulv fortel at vogga representerte den spenninga han gjekk å kjende på før sonen vart fødd, og alle tankane han hadde fødselen og kva som ville skje etter at vesle Johannes kom til verda.

– Eg prøvde å spele den til han for å få han til å sovne, men eg kom berre halvvegs før han byrja å hyle, så han har eigentleg ikkje høyrd heile songen enno, seier han.

Reindyrkar instrumentalmusikken

Til trass for at artisten frå Hovdebygda ikkje kan å lese notar har han no gitt ut si fjerde plate på like mange år.

Ulv let seg inspirere av Mark Knopfler og fortel at han er opptatt av å binde låtane på plata saman.

– Kvar song har ei historie, og det viktigaste er at dei betyr noko for nokon, seier han.

Ulv innrømmer at musikksjangeren han kanskje er noko smal, men trur likevel at det er mange som set pris på musikken hans.

– På ein måte er det smalt, men på den andre sida har eg fått forståing for det eg held på med i store delar av musikknoreg, slik at fleire har fått auga opp for meg og musikken min, seier han.

– Mange av dei som tidlegare held på med instrumentalmusikk dei hadde med seg ein vokalist og så spelte dei nokre instrumentallåtar berre for å få gjere det, medan eg har reindyrka det totalt og er kompromisslaus på det, held han fram.