NRK Meny
Normal

Gav henne kjælenamn for å ta vare på kjærleiken

Ho heiter eigentleg Annika, men når ektemannen er i det kjærlege hjørnet kallar han henne helst "Nikk-ling". Ekteparet frå Kristiansund trur småting kan redde kjærleikslivet frå å visne.

Erlend og Anikka Indergaard

Han heiter Erlend. Ho heiter "Nik-ling" når det berre er dei to – og stemninga er god. Slikt blir det kjærleik av.

Foto: Roar Halten

Det er berre eitt menneske i verda som kan kalle firebarnsmora frå Kristiansund for "Nikk-ling", og det er ektemannen Erlend. For dei fleste andre er ho Annika eller Annika Indergaard.

Dei fniser og nølar litt, men fortel så at det er ei forkorting for "Anikka" og "darling", som dei brukar seg imellom på godversdagar.

Eg hadde ein arbeidskollega som lurte veldig på kven som dreiv og ringde meg, ler Erlend Indergaard og seier det same namnet nemleg dukka opp på mobilskjermen når kona ringde.

Eg trur folk flest har slike koselege ting i lag som kan vere litt småbarnsleg, i alle fall når dei er nyforelska, og det er veldig viktig å ta vare på, legg ho til og fniser litt.

Trur mange er redde for å blande seg

Anikka og Erlend Indergaard

Dei har vore gift i 25 år og har fire born. No går dei på samlivskurs for å perfeksjonere forholdet.

Foto: Roar Halten

Ekteparet i Kristiansund dristar seg til å gje dette rådet på valentinsdagen, men seier dei trur mange er redde for å leggje seg borti privatlivet til andre. Sjølv om dei fleste har både gode og dårlege dagar, og slit med det same.

– Det blir mest slik "lykke til, håper det går bra med dykk", så står vi på sidelinja og skal ikkje blande oss, seier ho.

Dei meiner det å leve i lag er noko av det vanskelegaste i livet, og at alle forhold og familiar stort sett opplever dei same utfordringane, utan at dei kanskje søkjer hjelp.

Ber par kartleggje kvarandre betre

Sjølv har dei hatt stor glede av å bli kjend med teorien om at kjærleiken har fem ulike "språk". Tankegangen inneber at vi har ulike måtar å oppfatte at andre elskar oss på, nokre vil til dømes helst høyre det i ord, andre må sjå det i handling.

Parterapeut Maria Mork meiner teorien har mykje for seg. Ho skil mellom tid, gåver, fysisk nærleik, anerkjennande ord, og det å gjere noko for kvarandre. Mork meiner mange har ein viktig kartleggingsjobb framfor seg.

Maria Mork

Parterapeut Maria Mork meiner det er viktig å kartleggje korleis ein mest effektivt kan fortelje partnaren om kjærleiken sin. Ho trur det finst mange ulike måtar å gjere det på.

Foto: Roar Halten

Det er ikkje likegyldig kva for drivstoff du fyller på bilen, seier ho, og rår folk til å dagleg forsøkje å bruke kunnskapen til å vise at ein er glad i dei rundt seg.

Les også:

Arbeider stadig med å bli betre

Ekteparet i Kristiansund har halde saman i 25 år og har fire barn. I desse dagar deltek dei på eit samlivskurs, for å lære å bli endå flinkare til å ta vare på kvarandre som kjærastar.

Erlend Indergaard trur han har skjønt teorien – og arbeider stadig med praksisen.

– Eg trur til dømes at Annika likar veldig godt at eg gjer ting for henne, då merkar ho at eg set pris på henne, seier han.

– Og eg er god på skyt. Seier at han er flink til ting, det er godt drivstoff for Erlend, seier ho.