NRK Meny
Normal

Har funne årsaka

Ålesundsutvalet legg i dag fram rapporten om Fjelltunulukka.

Det foregår en kontrollert utbrenning i boligblokken i Fjelltunveien i Ålesund.
Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Leiaren av utvalet, fylkesmann Ottar Befring i Møre og Romsdal, seier dei meiner å ha funne årsaka til ulukka der fem personar mista livet 26. mars.

Utvalet foreslår endringar i bygningslova som blir viktige for alle nye bygg i potensielt rasfarlege område i Noreg.

Fylkesmann Ottar Befring i Møre og Romsdal på rasstedet i Fjelltunvegen.

Fylkesmann Ottar Befring i Møre og Romsdal på rasstaden i Fjelltunvegen.

Foto: Herskedal, Kjell / SCANPIX

- Rapporten blir viktig for utbyggjarkommunane, for dei som prosjekterer og for dei som byggjer.

- Vi går gjennom heile delen som har med ansvar å gjere i samband med utbyggingar i skredfarleg terreng, eller terreng som kan bli skredfarleg ved utsprengingar i bratte skråningar.

Fordeler ikkje skuld

Ottar Befring fortel at utvalet har funne årsaka til raset.

- Eg trur vi har funne ho, og det seier rapporten klart og tydeleg.

Han vil ikkje seie kven som har ansvaret, for å svare på det låg ikkje i mandatet til utvalet.

- Vi er blitt bedne om å gå gjennom hendinga og peike på korleis vi kan unngå at slikt skjer i framtida. Vi kjem med nokre løysingar som vi håper kan verke.

Rapporten blir gjort offentleg kl 10.30 måndag.