NRK Meny
Normal

31-åring omkom i fallulukke

Det var fjellklatrar Kristian Brønstad som omkom i ei fallulukke i Nesset i Romsdalen laurdag. Brønstad kom frå Rindal, men var busett i Oppdal.

Fallulukke

Ulukka skjedde på det 1337 høge fjellet Goksøyra mellom Eresfjorden og Eikedalsvatnet i Nesset. Det er ikkje klart nøyaktig kor i fjellet ulukka skjedde.

Foto: Skjermdump

To personar var på klatretur i eit bratt og vanskeleg terreng på fjellet Goksøyra då den eine vart utsett for ei alvorleg fallulukke i 12-tida laurdag.

Søndag ettermiddag bekrefta politiet til NRK at pårørande er varsla om ulukka.

Det var 31 år gamle Kristian Brønstad opphavleg frå Rindal, men busett i Oppdal i Sør-Trøndelag, som omkom laurdag.

Operasjonsleiar Styrkar Gagnat seier til NRK at klatraren døydde momentant av skadane.

Det var ein medklatrer som melde ifrå om ulukka. Både ambulansehelikopter og eit redningshelikopter frå Ørlandet deltok i redningsarbeidet. Den omkomne og kameraten har no blitt henta ned frå fjellet.

– Personen som melde ifrå er uskadd og vert no teke hand om av våre folk i politiet, seier Styrkar Gagnat til NRK laurdag.

Ifølgje operasjonsleiaren er det for tidleg å seie noko om kva som skjedde i fjellveggen. Det er fine vêrforhold og lite vind i området.