Har framleis ikkje funne feilen

Nokre fleire har fått straumen tilbake, men framleis er 124 kundar utan straum i Ålesund sentrum. Montørane er ikkje heilt ferdig med å feilsøke enno, opplyser Mørenett. Kor langt tid det tar før alle har straum igjen beror på kva som er årsaken.