Hopp til innhold

Har fått 30 nye tips i Espås-saka i sommar

Berre dei siste dagane har politiet fått inn over 30 nye tips om det uoppklara Espås-drapet i Geiranger. Fleire personar blir truleg kalla inn til avhøyr.

Trude Espås

Etter 11 dagar blei Trude Espås funnen i Geiranger for 20 år sidan. Politiet veit framleis ikkje kven som drap henne.

Foto: KJELL HERSKEDAL / Scanpix

8. august 2016 var det nøyaktig 20 år sidan drapet på Trude Espås i Geiranger. NRK Møre og Romsdal var mellom redaksjonane som då på nytt skreiv om drapet. Ifølgje politiet har omtalen gitt mange nye tips.

Politiinspektør Yngve Skovly

Påtaleansvarleg Yngve Skovly seier medieomtalen i sommar har gjort at dei har fått inn fleire nye tips.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Sjølv om det er ei gamal sak, så er det ei uløyst drapssak, og det er klart at når det kjem inn opplysningar som er interessante, vil dette bli prioritert, seier påtaleansvarleg Yngve Skovly ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Les også:

Tips om namngjevne personar

Trude Espås

Trude Espås kom til Geiranger på sommarjobb sommaren for 20 år sidan. Etter nokre dagar blei ho drepen.

Foto: NTB scanpix

Skovly seier ingen av tipsa er "revolusjonerande", men at dei mellom anna har fått informasjon om namngjevne personar dei bør snakke med. Han seier dei difor truleg vil gjere fleire nye avhøyr.

– Nokre av tipsa har vi fått også tidlegare, og dei er undersøkte, andre ser vi at det ikkje er grunn til å forfølgje. Men vi har også fått inn enkelte tips som nok vil føre til litt innsats frå vår side, seier han.

Den tidlegare lensmannen i Stranda, Jens Arne Hessegjerde, var ein av dei som gjekk ut i sommar og bad folk om å hjelpe å oppklare saka.

Les også:

Vil gjerne snakke med fleire

Steinen i Geiranger

Steinen i Geiranger der Trude Espås sist blei sett 8. august 1996.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

Politiet har tidlegare fått inn tusenvis av tips og avhøyrt over 3000 menneske. Men trass i den mest omfattande drapsetterforskinga i norsk kriminalhistorie er saka framleis uløyst. Difor ønskjer dei stadig at folk tek kontakt for å fortelje det dei veit.

– Så lenge saka er uoppklart er vi alltid interesserte i tips. Vi veit frå dei som utarbeider gjerningsmannsprofilen at ein person som har gjort seg skuldig i ein slik ting alltid vil ha eit behov for å fortru seg for nokon, kanskje kan vedkomande forsnakke seg. Før eller seinare kan det tenkast at det er nokon som får viktig informasjon, seier Skovly.

Tidlegare i sommar blei det kjent at også Kripos no vil sjå på saka på nytt.

Les også:

Espås-drapet i Åsted Norge

Trude Espås hadde sommarjobb i Geiranger då ho brått forsvann og blei drepen 8. august 1996. I TV2-programmet Åsted Norge er drapsgåta ein tema måndag kveld. Skovly trur det vil føre til endå fleire tips.

– Erfaringsmessig betyr det at det kjem inn ein del tips. Det har vore erfaringa alle dei gongane denne saka har vore omtalt i media, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL