Hopp til innhold

Sjå det spektakulære nordlyset

– Nesten som noko frå ein science fiction-film. Slik skildrar polske Klaudia Los lyset over Ålesund tysdag kveld. Nordlyset kom på besøk til Nordvestlandet - til glede for dei som tok turen ut.

Klaudia og Andrzej Los

Klaudia og Andrzej Los studerer lyset frå verandaen sin i Ålesund

Foto: Synnøve Hole / NRK
Nordlys over Ålesund

Ålesund sentrum.

Foto: Andrzej Los

– Dette er ei stor hending. Det seier polske Andrzej og Klaudia Los.

Paret har tatt oppstilling på verandaen sin i sentrum av Ålesund. Som mange andre har dei tatt med fotoapparata for å forevige naturen si framsyning.

– Dette er heilt utruleg. Du kan lese om det, men å sjå det er nesten ikkje råd å skildre, seier Klaudia Los.

– Det var nesten som noko frå ein science-fictionfilm. Vi har aldri sett noko slikt, så dette er fantastisk.

– Uvanleg sterkt

Arild og Sunniva Giske

Sunniva Giske har funne fram mobilen for å fotografere, medan far Arild følgjer med på lyset.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Eg høyrde eit brøl då eg kom heim, seier Arild Giske i Ålesund.

Brølet kom frå dottera Sunniva på 13 og skuldast det heilt spesielle naturfenomenet som var på vitjing.

– Eg har sett nordlys fleire gongar, men ho har nok ikkje det, seier faren.

Dottera fekk eit bilete frå ei venninne som hadde sett nordlyset.

– Då var eg snar med å gå til vindauget og fekk sjå noko veldig sterkt og grønt der oppe.

Finast i Møre og Romsdal og Trøndelag

Gunnar Livik, meteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet

Meteorolog Gunnar Livik ved Vervarslinga på Vestlandet.

Foto: Meteorologisk institutt

– Det er eit sterkt nordlys, og det er nok Nordvestlandet og Midt-Norge som har dei beste skyforholda i kveld, seier meteorolog Gunnar Livik.

Han seier det sterke lyset skuldast ei stor sky av partiklar frå sola.

– Det gjekk ut ei slik sky i dag tidleg, så dette er vel ein slags geomagnestisk storm, seier Livik.

I følgje meteorologen skal fenomenet vere synleg så langt sør som Spania og Italia.

Kø av folk

Øyvind Dalhus fotograferer nordlys tysdag

Øyvind Dalhus anslår at det har vore fleire hundre menneske oppom Fjellstua i Ålesund tysdag kveld for å sjå på nordlyset.

Foto: Synnøve Hole

I Ålesund oppstod det nærast trafikkork opp mot utsiktspunktet Fjellstua i kveld. Mange hadde fått med seg det venta lysshowet og ville sjå det frå høgda over byen.

- Det har vore fleire hundre personar her oppe i kveld, seier Øyvind Dalhus. Han har tatt oppstilling med kamera på stativ saman med Tom Erling Larsen. Dei går ikkje ned frå fjellet før kamerabatteriet er flatt.

Marte Dahle med fleire

Marte Dahle har tatt turen til Fjellstua saman med fleire vener.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Vi tenkte vi måtte prøve å komme oss litt opp og sjå, seier Marte Dahle. Saman med fleire vener har ho tatt turen opp på Fjellstua.

Dei gjekk opp, men såg at mange sleit med å kome fram med bil. Sjølv er ho ikkje i tvil om at det var verd turen.

– Det ser heilt fantstisk ut, seier ho.

Nordlys over Ålesund

Sjeldant fargespel over nattehimmelen tysdag kveld.

Foto: Andrzej Los