Hopp til innhold

Har du sett jazzbassen til Krøvel?

Eit smått sjeldan klenodium som forsvann har gitt Paul Krøvel i Ørsta hovudverk i 15 år. No vil sunnmøringen finne igjen sin gamle, flotte jazzbass frå Ibanez

Paul Krøvel og bassen

Her spelar Paul Krøvel (t.v.) på den forsvunne jazzbassen. No håper han noko der ute kan hjelpe han å finne den sjeldne Ibanez-bassen.

Foto: Privat

– Det var ein av dei aller siste som blei levert før Ibanez blei dømde til å slutte å lage kopiar av, i dette tilfellet, Fender Jazz Bass, fortel Paul Krøvel til NRK.

Ein sjeldan bass, kjøpt som normal bass i 1979, er det Krøvel leitar etter. For etter 23 år i hendene, forsvann Ibanez-bassen i 2002. Krøvel omtalar det som ei litt spesiell historie.

Paul Krøvel

Paul Krøvel skulle så gjerne funne igjen jazzbassen som han kjøpte i 1979. I 2002 var den søkk borte, men ikkje borte frå tankane til Krøvel.

Foto: Privat

– Det var då eine sonen min skulle jamme med kameratar på ein hybel i Volda og fekk låne bassen litt, seier hobbybassisten.

Bassen blei ståande etter øving, før hybeleigaren måtte skifte hybel like etter. Bassen blei med på flytelasset i den tradisjonsrike studentbygda Volda.

– I den prosessen forsvann rett og slett bassgitaren. Den blei med på eit flyttelass og sidan har ingen sett den.

– Minst like god som originalen

Det var avisa Møre som første omtalte den heller uvanlege etterlysinga frå Krøvel. I avisa blir det skrive om fortida til Krøvel – og bassen. Som ein del av bandet Novus, store i nedslagsfeltet til Krøvel, fekk Ibanez-bassen køyrt seg.

Møre bassgitar

I avisa Møre blei jazzbassen etterlyst fredag.

Foto: NRK

– Han lét veldig godt, det var ein god bass å spele på, mimrar Krøvel i prat med NRK.

Ein heller habil bassist skal ha lånt bassen til Krøvel då han framleis hadde den. Tilbakemeldinga var at Ibanez-bassen – kopien – var minst like god som ein ekte Fender jazzbass.

Når Krøvel får høyre eit eksempel på korleis ein Ibanez-bass, lik den han sjølv eigde, høyrest ut, er reaksjonen enkel:

– Ja, eg kjenner han igjen, sjølv på ei heller dårleg telefonlinje, seier Krøvel.

«Bounce Frisørstudio»

I dag må sunnmøringen bruke ein annan bass når han møter kameratane i bandet. No, 15 år etter at den originale Ibanez-bassen forsvann, var det nok.

Ibanez-bassen som Krøvel eigde er frå tida då Ibanez blei saksøkt av ei rekkje gitarprodusentar. I dag er den eit samleobjekt. Den no etterlyste bassen var unik.

– Eg hadde skrudd deksla heilt bak på gitaren av og over mikrofonen lenger framme. Skruhola står igjen. I tillegg hadde gitarkassa nokre klistremerke, mellom anna stod det «Bounce Frisørstudio» på det eine, flirer Krøvel.

Krøvel veit ikkje om jazzbassen framleis finst på verken Sunnmøre eller i Noreg, men no er håpet at den raudbrune jazzbassen skal finne vegen tilbake.

– Ein eller annan der ute veit om dette her, ein eller annan har den, avsluttar sunnmøringen.

Høyr intervjuet med Paul Krøvel her:

Paul Krøvel og Novus

Jazzbassen til venstre i bildet vil gjerne finne tilbake til Paul Krøvel.

Foto: Privat