Hopp til innhold

Har du ei dotter, får du mindre heimehjelp

Eldre menneske som har døtrer får mindre heimehjelp enn dei som har søner. Det viser ei ny undersøking. Dette blir oppfatta som urettferdig, men ikkje overraskande.

Eldre

Eldre menneske som har døtrer får mindre heimehjelp enn dei som har søner, det viser ei ny undersøking.

Foto: Frank May / NTB scanpix

Ei ny undersøking slår fast at eldre menneske som har døtrer får mindre heimehjelp enn dei som har søner.

Tone Borge Løkhaug

Tone Borge Løkhaug er leiar for Tildelingskontoret i Molde. Ho stadfestar at døtrer ofte hjelper meir til.

Foto: Hans Thomas Eikrem

– Ofte er jo døtrene kanskje dei som hjelper foreldra mest, stadfestar leiaren for Tildelingskontoret i Molde, Tone Borge Løkhaug.

– Rart og urettferdig

Reidun Eidsæter

Reidun Eidsæter meiner det er rart og urettferdig om eldre med døtrer skal få mindre hjelp enn dei med søner.

Foto: Hans Thomas Eikrem

Eit stykke unna er fleire kvinner samla på eit dagsenter. To av dei er langt oppi åttiåra, men bur heime og har litt heimehjelp. Reidun Eidsæter meiner det ikkje burde vere slik at dei med døtrer får mindre hjelp.

– Det høyrest rart og urettferdig ut. Ein tek det som sjølvsagt at døtrene skal hjelpe til, men eg har begge deler, både son og dotter, og dei er flinke å hjelpe meg, men dei er jo ute i full jobb, seier Reidun Eidsæter.

Døtrer påverkar heimehjelpa

Eldre menneske som har døtre får mindre heimehjelp enn dei som har søner. Det er store skilnader, viser ei ny undersøkning.
Dette blir oppfatta som urettferdig, men ikkje overraskande...

Samspelet mellom familien og velferdsstaten er tema i eit prosjekt i regi av NOVA, eit forskingsinstitutt ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Eit tydeleg funn er at døtrer i familien påverkar omfanget av heimehjelp.

Borge Løkhaug i Molde kommune seier dei ikkje spør direkte etter hjelp av døtrer eller søner, men at pårørande sin innsats er med i vurderinga av kor mykje hjelp dei eldre får.

– Der dei har døtrer er det ofte dei som blir med på heimebesøka. Dersom det er søner, og ikkje døtrer i familien, så er dei med på same måte. Men eg trur der dei har både søner og døtrer, er det mest døtrene som hjelper til, seier ho.

– Kjønnsbestemt frå byrjinga

Inger Aakvik

Inger Aakvik trur det er kjønnsforskjellar i utgangspunktet som gjer at døtrer hjelper meir til heime enn søner.

Foto: Hans Thomas Eikrem

Kvinnene på dagsenteret er ikkje overraska over funnet. Inger Aakvik trur det er kjønnsforskjellar i utgangspunktet som gjer at døtrer hjelper meir til heime enn søner.

– Det er vel kjønnsbestemt frå byrjinga, dette, rett og slett, seier ho.