Hopp til innhold

Har drøymt i 21 år om å bli diktar – i dag fekk ho oppleve det

Forfattaren Gunnhild Øyehaug (40) har drøymt om å bli festspeldiktar heilt sidan ho var 19. Torsdag gjekk draumen i oppfylling, til og med i heimbygda.

Gunnhild Øyehaug

Gunnhild Øyehaug er festspeldiktar for Dei nynorske festspela i ein alder av 40 år. Allereie som 19-åring begynte ho å drøyme om det.

Foto: Kari Nygard Tvilde

Det er ørstakvinna Gunnhild Øyehaug som denne gongen kan smykke seg med tittelen "festspeldiktar", når Dei nynorske festspela opna torsdag. Ho fekk sitt store gjennombrot som forfattar i 2008.

Og det å faktisk bli festspeldiktar er ein gamal draum.

– For meg er det utruleg stas. Eg var her på festspela i 1994, då var eg 19 år gamal, og såg Kjartan Fløgstad, som var festspeldiktar den gongen. Då tenkte eg at det hadde eg veldig lyst til også, seier Øyehaug.

I tillegg til å leggje ned krans ved bautaen til Ivar Aasen, skal ho mellom anna vere med på ei prisutdeling og fleire samtalar frå scena.

Diggar Ivar Aasen

Ivar Aasen-tunet

Dei nynorske festspela blir i stor grad arrangert her i Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda i Ørsta. I år skjer det for 21.gong.

Foto: Kari Nygard Tvilde

Det skulle altså gå 21 år før ho opplevde det, men torsdag var ho klar som festspeldiktar for Dei nynorske festspela 2015. Ho har stor sans for festivalen, og endå meir for Ivar Aasen.

– Han er rett og slett den store helten min. Der andre elskar fotballspelarar eller operasongarar eller kvar i all verda dei måtte digge, så diggar eg Ivar Aasen, ler ho, og legg til at fascinasjonen starta allereie då ho var lita.

– Han var mitt store forbilde, og ei slags livredningsbøye. Eg var veldig letta då eg forstod at han også likte å snike seg unna og lese, for det gjorde eg også. Sneik meg unna husarbeid og gardsarbeid og sette meg ned med ei bok, seier ho.

Suksessroman og film

Åshild Widerøe

Programansvarleg Åshild Widerøe seier det er kjekt å kunne løfte fram ein forfattar som Gunnhild Øyehaug.

Foto: Kari Nygard Tvilde

Ørstakvinna fekk det store gjennombrotet sitt i 2008, med romanen Vente, blinke, som blei nominert til Brageprisen. Romanen var også utgangspunkt for spelefilmen "Kvinner i for store herreskjorter", som hadde noregspremiere i mars.

Filmen blir vist under festspela, etterfølgt av ein samtale om kva som skjer i overgangen frå bok til film.

– Ho har skrive veldig mykje bra innanfor mange ulike sjangrar, vi syns det er spennande å løfte fram forfattarskapen hennar, seier programansvarleg for festspela, Åshild Widerøe.