Hopp til innhold

Dette er den einaste plassen med DAB-signal

Peder Hellebostad i Sunnylvsbygda i Stranda får berre inn signal dersom han plasserer DAB-radioen på kjøleskapet. Han er lova dekning før FM-nettet blir sløkt.

Jarle Hole og Peder Hellebostad

Jarle Hole og Peder Hellebostad er lova at det skal bli DAB-signal innan 8. februar. I mellomtida må radioen stå på kjøleskapet.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Øvst i Sunnylvsbygda i Stranda hjelper to gode naboar kvarandre. Begge er gardbrukarar og høyrer mykje på radio både i arbeidstida og heime i huset. Jarle Hole investerte i DAB-radio for eit år sidan, men vart så irritert over at den ikkje verka at han leverte radioen tilbake.

– Det vart sagt at det skulle vere DAB-dekning hos oss, så eg trudde først det var noko gale med radioen, seier Hole. Han prøvde fleire radioar og signalet var like dødt.

Hos Peder Hellebostad som bur 50 meter unna, verkar DAB-radioen berre på ein plass i huset. Det er på kjøleskapet.

 Jarle Hole

Jarle Hole har saman med rundt 30 innbyggjarar skrive brev til NRK om å få DAB-signal til bygda.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Radio sidan krigen

Heller ikkje dei vel 30 andre innbyggjarane i bygda var nøgde med dekninga og skreiv brev til NRK. Det lønte seg. No har dei fått lovnad om at dei skal få signal før FM-sløkkinga i Møre og Romsdal, som er 8. februar.

– Bygda kan ikkje bli ståande utan radio. Vi har jo hatt radio sidan krigen og FM-sambandet vart bygt ut her på 60-talet, seier Hole. Frå verandaen har han utsikt mot sendaren.

LES OGSÅ:

God dekning

Jan Ove Tryggestad

Ordførar Jan Ove Tryggestad seier at dialogen har vore god for å løyse problemet.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Kommuneleiinga i Stranda har vore mykje i dialog med NRK og Norkring for å løyse problemet til innbyggjarane. Ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) vil fylgje nøye med slik at alle får signala som er lova.

– Kommunikasjonen har vore god og eg veit at det har blitt jobba på spreng for å få på plass sendestasjonar som gjer at ein skal vere på lufta 8. februar, seier Tryggestad.

Distribusjonssjef i NRK, Bjarne Andre Myklebust, seier det er få dekningshol att i Møre og Romsdal. Han lovar at dei i Sunnylvsbygda får ein sendar.

– Vi reiser rundt og måler dekninga. Vi er opptekne av at den skal vere god, så vi både dobbelsjekkar og trippeltsjekkar, seier Myklebust. 99,5 prosent har no mobil dekning og innandørs dekning i trehus.

Tør ikkje håpe

Peder Hellebostad

Peder Hellebostad høyrer ofte på radio medan han tar fjøsstellet.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Nordland var første fylke ut med overgang frå FM-nett til DAB for NRK og dei store kommersielle radiokanalane. Framleis er det motstand mot omlegginga. Hellebostad synest det blir kjekt å ha mange kanalar å velje mellom, men er klar på at dekninga må bli betre.

Han er usikker på om lovnaden vert halden.

– Eg trur det faktisk ikkje før eg ser det. Såpass ærleg må eg vere, seier Hellebostad.