Hopp til innhold

Har avslutta søk

Politiet har saman med Røde Kors gjort undersøkingar ved Melshornet i Ørsta i kveld, etter at nokon skal ha observert eit lys i fjellet. –Vi har etter vurdering saman med hovudredningsentralen Sør, valt å avslutte søket. Vi har ikkje fått inn melding om nokon som er sakna, og undersøkingar vi har gjort tyder ikkje på at nokon er der, seier, Roar Fylling i politiet. Politiet ønskjer tips om nokon veit om nokon som skal ha vore i dette området i kveld.