NRK Meny
Normal

Har aldri slått Viking

Ole Gunnar Solskjær har tre uavgjorte og tre tap mot Viking, og Stavanger-laget er dermed det einaste han aldri har slått i eliteserien som trenar. Følg kampen her.

Ole Gunnar Solskjær

Trenaren Ole Gunnar Solskjær har til gode å slå Viking.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Kjell Jonevret

Kjell Jonevret og Viking har vore ein vanskeleg motstandar for Molde.

Foto: Johansen, Carina / NTB scanpix

Det er motivasjon nok for Solskjær og laget hans før møtet med tidlegare Molde-trenar, Kjell Jonevret.

Svensken vil på si side gjerne slå sitt tidlegare lag. Men vel så viktig for Viking er nok at dei med uavgjort får sin høgaste poengskår i den øvste divisjonen nokon gong.

Laster innhold, vennligst vent..

Møte nummer 70

Når laga no møtest for 70. gong, er det Viking som har statistikken på si side. Dei har gått av bana med siger 31 gongar, Molde 22, medan 16 kampar har enda uavgjort. Men det er totalt, for i Molde er poengfangsten heilt jamn. Der har laga 13 sigrar kvar, medan det har blitt uavgjort åtte gongar.

Makhtar Thioune / Mohamed Elyounoussi

I dag kan Makhtar Thioune og Mohamed Elyounoussi møtest igjen.

Foto: Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

Tilsvarande oppgjer i fjor blei avgjort heilt mot slutten. Då var det Mohamed Elyounoussi som skåra det einaste målet i kampen i det 90. minutt. I var blei det 2–1 tap for Molde i Stavanger. Då var rogalendingen Tommy Høiland målskårar for MFK. Det blir han ikkje i dag, sidan han står over denne kampen med karantene.

Mål nummer 1500

Men ein av lagkameratane kan bli historisk. For før denne kampen har Molde skåra 1499 mål i vår øvste divisjon. Berre fem lag har runda 1500 mål sidan 1963. Og held trenden frå dei siste heimekampane fram så blir det mål i Molde, der heimelaget ikkje har tapt på ei fem siste kampane.

Molde Kamara

Ola Kamara eller ein av lagkameratane kan bli historisk med mål nr. 1500

Foto: Aleksandar Djorovic / NTB scanpix

Oddsen er låg for at det blir Ola Kamara som skårar mål nummer 1500. Han er lagets toppskårar med 14 mål, og det er det meste ein MFK-spelar har gjort sidan 2010. Og han har skåra i dei tre siste heimekampane til Molde.

Derimot er oddsen høg for at målet kjem på straffe. For Viking er det einaste laget i eliteserien som ikkje har fått straffespark i mot denne sesongen. Laget er også det einaste som ikkje har spelt uavgjort på bortebane i år.

Laster innhold, vennligst vent..