Hopp til innhold

Håplaust for heimetenesta

Molde kommune sitt budsjettforslag vil kutte eldreomsorgen med 8 millionar kroner i 2011. Dersom det blir vedtatt vil presset auke kolossalt på heimetenesta, trur eldreomsorgen.

Eldreomsorg

Illustrasjonsfoto.

Foto: Illustrasjonsfoto / Colourbox.com

I kveld skal formannskapet i Molde behandle rådmann Arne Sverre Dahl sitt budsjettforslag for 2011. Det vil bli harde innstrammingar og inntjeningsmetodar dersom budsjettet vert endeleg vedtatt slik det vert presentert i dag.

For å auke inntektene med 5 millionar kroner vil kommunen skru opp eigedomsskatten frå 3,6 til 3,95 promille, skriv Romsdals Budstikke. Dei som likevel vil merke det best på kroppen dersom budsjettet blir vedtatt, er brukarane og dei tilsette i heimetenesta.

Kutt i eldreomsorg

Ved å utsette sjukeheimsdrifta ved Råkhaugen kan kommunen spare 5,5 millionar kroner. Dei siste 2,5 millionane vil kommunen spare ved å kutte tenestetilbodet ved Glomstua omsorgssenter med ni sengeplassar.

– I utgangspunktet er dette positivt for dei eldre ved Glomstua, fordi det vil sei at langtidspasientane slepp å ha dobbeltrom. Men desse ni plassane blir då forskyvd over på heimetenesta, der situasjonen allereie er svært pressa i dag, meiner Corinna Stene, einingsleiar ved Glomstua omsorgssenter.

Illustrasjonsfoto eldreomsorg

Heimehjelpen i Molde kommune er allereie i ein vanskeleg situasjon med fleire svært pleietrengande, seier einingsleiar ved Glomstua omsorgssenter Corinna Stene. Illustrasjonsfoto.

Foto: Janerik Henriksson / Scanpix

Overbelegg i sommar

I dag har heimetenesta om lag 67 pasientar i månaden i snitt, og presset på dei tilsette er slik at heimetenesta har hatt overbelegg gjennom heile sommarferien, seier Stene. Dersom kutta i talet på sengeplassar skal være gjeldande frå januar 2011, må Glomstua truleg slutte å ta inn nye eldre allereie no til hausten.

– Det er svært sjuke og pleietrengande pasientar det er tale om, for terskelen for å ta inn nokon er allereie høg. I den perioden vi ikkje tar inn nye pasientar vil presset på heimetenesta auke kolossalt.

– Håplaust

Korleis forslaget praktisk kan gjennomførast er ikkje diskutert i detalj enno, men Stene kan vanskeleg sjå korleis kommunen kan spare inn ni sengeplassar utan at det berre flytter problemet over til heimetenesta.

– Eg har full forståing for at vi skal spare, men for meg ser det vanskeleg ut på berre nokre få månader. Det dei sparer på personell hos oss vil dei trenge på heimetenesta. Det ser håplaust ut.


Skulle bygge opp heimetenesta

Glomstua omsorgssenter og sjukeheim

I dag er det 64 plassar ved Glomstua omsorgssenter, men det skal bli 55.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Etter planen skulle Råkhaugen vere i full drift innan 2014, men det har lenge vore planen at sengepostane skulle kuttast og drifta av Råkhaugen utsettast, ifølge Kjersti Bakken, rådgjevar i helse- og omsorg. Problemet er at desse pengane skulle vere til å bygge opp heimetenesta, slik at den kan ta imot ein auke av pasientar i åra som kjem.

– Det er denne reserven vi mister no, dermed kan vi ikkje bygge opp heimetenesta. Eg er redd for korleis presset vil bli på dei tilsette når dei har same kapasiteten som før, men fleire pasientar å ta seg av, seier Bakken.

Val av verdiar

Formannskapet handsamar budsjettet i kveld, og i neste veke vil kommunestyremøtet fatte vedtak. Deretter byrjar arbeidet med å sjå på detaljerte planar, men Bakken trur på politiske endringar i mellomtida. Rådmannens alternativ er å kutte i tilskota til kunst og kultur, som får om lag 8,9 millionar kroner. Bakken trur politikarane vil måtte velje kva som er viktigast for kommunen som heilheit.

– Kommunen har store utfordringar, men dette får konsekvensar for ei svak gruppe. Det er ikkje ein ønskesituasjon for korkje rådmannen eller politikarane, og eg trur dette til slutt vil bli eit verdival.

Skal kommunen kutte i eldreomsorgen eller i kulturformidlinga? Skriv di meining.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL