Håper på seier i kveld

Molde Elite håper på ein plass i Europaligaen i handball. I dag møter dei austerrikske Hypo Niederösterreich til returkampen i den første runde av kvalifiseringa. Molde vann den første kampen 28–19 på heimebane. Styreleiar Per Gjerde er optimistisk, men seier mykje kan skje på bortebane.–Vi har eit godt utgangspunkt, men det kan vere stor forskjell på heime- og bortebane. Det som kan hjelpe oss er at kampen truleg blir spelt utan publikum, seier Gjerde.

Tor Oddvar Moen, trener for Molde Elite.
Foto: Roar Strøm / NRK