Ber om faktaundersøking om brannvesenet i Hareid

Arbeidsmiljøutvalet i Hareid bestemte seg torsdag for å be om ei faktaundersøking etter påstandane frå Live Gandborg om at ho blir mobba i brannvesenet.

Ragnhild Velsvik Berge

Rådmann Ragnhild Velsvik Berge seier kommunen har arbeidd med konflikten i Hareid brannvesen ei tid, men at dei no må sjekke kva som har fungert.

Foto: Arne Flatin / NRK

Rådmann Ragnhild Velsvik Berge skriv i ei pressemelding torsdag ettermiddag at dei no iverkset ei faktaundersøking for å prøve å finne ut om det har skjedd mobbing i brannvesenet.

– Dette er ei sak som har stått på dagsorden over tid. Ein har tidlegare kartlagt arbeidsmiljøet i avdelinga, og tiltak har vore sett inn i etterkant av dette. Det er no tid for å sjekke kva som har fungert og ikkje, og eventuelle manglar eller nye forhold må følgjast opp, skriv Velsvik Berge i ei pressemelding.

Hevdar ho blir forsøkt mobba vekk

Live Gandborg

Live Gandborg hevdar ho blir forsøkt mobba vekk frå arbeidet sitt i Hareid brannvesen.

Foto: Synnøve Hole

Live Gandborg (34) gjekk onsdag kveld ut og fortalte til NRK at fleire av dei mannlege kollegaene hennar i brannvesenet nektar å ta imot opplæring fordi ho er ung kvinne. Ho var skuffa over at kommunen ikkje har gjort meir for å ordne opp.

Då Gandborg gjekk til det steget å sende eit formelt varsel om saka, førte det umiddelbart til at saka blei tatt opp i Arbeidsmiljøutvalet torsdag. Det er utvalet der som har bestemt seg for å be om ei faktaundersøking.

Les også:

Kjenner seg ikkje igjen i kritikken

Jan Arild Bjåstad

Jan Arild Bjåstad er tillitsvald for mannskapet. Han kjenner seg ikkje igjen i kritikken.

Foto: Arne Flatin

Jan Arild Bjåstad er tillitsvald for mannskapet ved Hareid brannvesen og seier han ikkje kjenner seg igjen i framstillinga til Gandborg.

– Det er milevis frå vår oppfatning. Eg kjenner meg ikkje igjen i det heile tatt. Elles viser eg til rådmannen for kommentarar, seier Bjåstad, og legg til at det berre er taparar i saka, ingen vinnarar.

Håper på løysing

Endre Johan Ose

Hovudverneombod Endre-Johan Ose håper det kan bli ro i Hareid brannvesen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ifølgje hovudverneombod Endre-Johan Ose blir truleg alle i brannvesenet bedne om å fortelje korleis dei oppfattar arbeidsmiljøet.

Dette er for å finne ut kva som er sant og ikkje sant, seier Ose.

Han har tidlegare sagt at han trur på det Gandborg fortel om arbeidsmiljøet i Hareid brannvesen. Han seier at han i ettertid innser at han ikkje har gjort nok for å få kommunen til å ta affere i saka.

Eg har eit håp om at dette ein dag skal vere oppskværa og at alle er vel fornøgde, seier han.