Hopp til innhold

Håper på ny Tennfjord skule

– Det er byggjefelt på gong, og dei som flyttar dit har med seg barn, og får barn etter kvart, seier lærar Turid Sperre på Tennfjord skule. Ho trur elevtalet vil auke i åra som kjem.

Trange gangar på Tennfjord skule

Det er ikkje mykje plass til overs i gangane på Tennfjord skule.

Foto: Remi Sagen / NRK

Turid Sperre

Lærar Turid Sperre er ei av dei som håper på ny skule med betre plass.

Foto: Remi Sagen / NRK

Eldste delen av skulen vart bygd på 1960-talet. Då budde det ikkje så mykje folk i bygda. Men no veks barnetalet, og frå dei 113 elevane som går på skulen i dag, trur kommunen at ein kan nå 150 elevar om fem år.

– Det kan hende det blir meir, og då må me setje inn tiltak før den tid, seier rådmann Turid Hanken i Haram kommune.

Ho peikar likevel på at Vatne barneskule, som ikkje ligg langt unna, har eit minkande elevtal, og at dei to skulane kan samarbeide om å ta unna.

– Då skal me klare å dekkje behovet, i alle fall i ein fem- til tiårsperiode, seier Hanken.

Artikkelen held fram under videoen.

Tennfjord er eit av pressområda i Haram der skulekapasiteten er nær ved å bli sprengd. Kommunen har planar om kortsiktige løysingar - men det kan ta ti år før ein ny og større skule er på plass.

Tennfjord skule er allereie for trong, og det er trongt om plassen i gangane.

Trur på ny skule

På sikt er planen at kommunen skal byggje ny barneskule på Vatneeidet. Der kjem ein felles barneskule i tilknyting til ungdomsskulen.

– Dette skal kommunestyret behandle om ikkje så altfor lenge. Kva dei kjem til kan eg sjølvsagt ikkje svare på, seier rådmann Hanken.

– Men eg trur at me kjem til å ha ny skule der inne i løpet av dei neste fem-ti åra.

Vatne ungdomsskule

I tilknyting til Vatne ungdomsskule kan det kome ny barneskule om nokre år.

Foto: Remi Sagen / NRK

Viktig med lokalkunnskap

– Det er ein kombinasjon av at folketalsveksten har vore høgare enn me trudde for fire-fem år sidan, og at ein ikkje legg nok vekt på lokale tilhøve. Gjennomsnittsprognosar blir gjerne feil, fordi veksten er sterk i ein bydel og mindre i ein annan, seier fylkesplansjef Ole Helge Haugen.

Han meiner ein også finn døme på skulebygg der det er for stor kapasitet. Grunnen til at det ikkje alltid er samsvar mellom tilflytting og skulekapasitet er vanskeleg, seier han.

– Dei kommunale systema kan vere treigare enn det private utbyggjarar er. Eg trur nok også at ein del har med kommunal økonomi. Det er ingen kommunar som har råd til å byggje meir enn prognosane seier, fortel han.

Han er med på å rekne ut prognosar for korleis folketalsutviklinga vil vere, men seier det ikkje nødvendigvis er det som tel mest for dei lokale styremaktene.

– Lokalkunnskapen er viktigare enn prognosane når det kjem til skulebygg, seier Haugen, og understrekar at folketalsveksten i Møre og Romsdal siste fem åra kan ha kome overraskande på mange.