Håper på meir Europa-jubel

Returkampen mot Motherwell er viktig både sportsleg og økonomisk.

Aalesunds Enar Jääger (tv), Johan Arneng, Jonathan Parr og Alexander Mathisen jubler
Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

Torsdag kveld møter AaFK Motherwell i Skottland. Med seg i bagasjen har dei 1-1 frå kampen på heimebane sist veke. Greier sunnmøringane å gå vidare vil det bety mykje - både sportsleg og økonomisk.

Les også:

Ny kamp betyr store inntekter

Klubbdirektør Henrik Hoff seier at klubben no fokuserer på det som kan gjerast på bana. Han legg likevel ikkje skjul på at eit avansement vil gi gode inntekter.

– Eit avansement vil bety ein god del, fordi det vil ende med at vi får i alle fall ein heimekamp til. Det vil gi betydelege billettinntekter. Om du er heldig med trekninga og får eit kjent lag vil du også få ein del TV-inntekter, seier Hoff.

- Vi har aldri tapt i Europa

Då NRK snakka med AaFK.direktøren var det det sportslege som var i fokus.

– Vi er veldig spent. Vi er eit lag som aldri har tapt i Europacupen før, så vi er spent på om vi greier å halde den statistikken, humrer Hoff.

Følg kampen: Motherwell - Aalesund