Hopp til innhold

Håper på kvartfinalebillett

- Vi er fulle av sjølvtillit, og kjenner at vi har ein bra sjanse i dag, seier Molde-trenar Kjell Jonevret. I kveld er det klart for cup i Molde.

Moldespillerne feirer Jose Mota sitt 5-1 mål.

Her feirar Molde-spelarane Jose Mota sitt 5-1 mål mot Vålerenga. Kan det bli like store siffer i cupen mot Brann?

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

I kveld møter Molde Brann i 4. runde i cupen på Aker stadion.

Molde har vist fine takter den siste tida, og trenar Kjell Jonevret håper det vil gi kvartfinalebillett i kveld.

Kjell Jonevret var fornøyd med poenget mot Lillestrøm.
Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

- Det kjem til å bli tøft, men vi er ikkje urolege, legg han til.

Brann utan storskåraren

Molde har ikkje tapt sidan før fotballferien, og laurdag varta romsdalingane opp med festfotball då dei slo Vålerenga 5-1. Trenar Kjell Jonevret håper ein greier å gjenskape dei gode prestasjonane laget har vist den siste tida.

- Vi møter kanskje eit lag i dag som er det beste vi har møtt i det siste. Eg trur dei er betre enn Vålerenga, men det handlar om å tore å spele fotball på vår måte, då veit me at motstandarane får det tøft, meiner svensken.

Brann manglar storscoraren Thorstein Helstad, og tapte søndag 2-1 mot Aalesund i Bergen. Og Jonevret trur Brann kjem til å merke at Helstad er ute med skade.

- Må nullstille oss

- Brann er to ulike lag, med og utan Thorstein Helstad. Begge dei laga kan slå oss, dei er bra sjølv utan Helstad, men det er klart, han er den kvassaste spissen i Noreg, meiner Jonevret.

berg hestad
Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

Moldekaptein Daniel Berg Hestad ser fram til kampen på Aker Stadion i kveld. Han er oppteken av at ein ikkje tek av etter festkampen mot Vålerenga sist helg.

- Vi må berre ta med oss den gode kjensla, vi må nullstille oss. Eg trur ikkje vi kan oppleve det same igjen, men forhåpentligvis kan vi levere god fotball, og vinne mot Brann også.

- Vi er fulle av sjølvtillit, og kjenner at vi har ein bra sjanse i dag, uansett kva som hender. seier Molde-trenar Kjell Jonevret.

Kampen kan du også følge i Kveldsåpent på NRK P1 frå kl 19.00.