NRK Meny
Normal

Håper på integrering i kvardagen

Denne veka skal alle i Molde ha fokus på det fleirkulturelle. Og det startar i dag med ein skikkeleg idédugnad. Spørsmålet er korleis ein skal integrere flyktningane som kjem på den beste måten.

Aud Lisbeth Lillebostad, flyktningkonsulent i Molde kommune

Flyktningkonsulent Aud Lisbeth Lillebostad har tru på stort oppmøte og mange gode idear.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det er flykningtenesta som ønskjer å få fram nye idear, og som difor har invitert både privatpersonar og organisasjonar til dugnaden.

– Håpet er at det kjem nye idear som vi kan ta med oss og jobbe vidare med, seier flyktningkonsulent Aud Lisbeth Lillebostad.

Ho fortel at dei har god påmelding allereie, og at mange kjem fleire når dugnaden startar i ettermiddag.

Mange på veg til Molde

Aud Lisbeth Lillebostad, flyktningekonsulent i Molde, pakker for å reise til Hellas

Flyktningkonsulenten har sjølv sett korleis flyktningar kan ha det. Her førebur ho ein tur til Hellas.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Noko av bakgrunnen for idedugnaden er at Molde kommune i år og neste år skal busette 95 flyktningar per år. I tillegg blir det opna eit asylmottak med plass til 150 asylsøkarar. Dit kjem dei første allereie komande månad.

– I haust, då flyktningkrisa hadde fullt fokus, var det utruleg mange som tok kontakt med oss for å høyre kva dei kunne gjere. Og sjølv om den interesse har tatt av noko er det framleis mange som ønskjer å gjere noko for flyktningane, seier Lillebostad.

Ifølgje flyktningkonsulenten gjeld det både privatpersonar og organisasjonar. Mange av dei har søkt om pengestøtte til integreringsprosjekt. Lillebostad viser mellom anna til Molde og omland hagelag som dyrkar eksotiske grønsaker. I juni skal ho på besøk til Moldeveggen for å sjå om nokon av flyktningane ønskjer å byrje med klatring.

Mange er flinke til å ta kontakt

– Men kvardagsintegreringa har ein lågare terskel og då må vi ha hjelp frå den enkelte. Det treng ikkje vere så avansert, men alle kan kome med eit lite hei, eit smil, ein kopp kaffi med nokon, eller gå ein liten tur.

Lillebostad seier at kvardagsintegrering kan vere litt vanskeleg, sidan alt som er nytt og framandt kan verke litt skummelt.

– Likevel vil eg seie at Moldensarane er flinke til å engasjere seg, og flinke til å ta kontakt. Men sjølv om mange flyktningar på den måten har fått seg norske vener, treng vi absolutt fleire.

Den fleirkulturelle veka blir runden av laurdag kveld, med ein stor konsert som skal vise mangfaldet i kommunen.