Hopp til innhold

Håper på folkefest i Bud

Ordførar Nils Johan Gjendem i Fræna håper det blir folkefest når skonnerten «Anna Rogde», som er på Grunnlovsseglas, klappar til kai i Bud tysdag.

Anna Rogde

Skonnerten «Anna Rogde» er på grunnlovsseglas kysten rundt.

Foto: Sør-Troms museum

–Veret ser i alle fall ut til å bli flott, så eg oppmodar folk om å ta med seg flagget og stille på kaia , seier Gjendem, som sjølv stiller i finstas og ordførarkjede.

Grunnlovsseglas

Skonnerten «Anna Rogde» er verdas eldste seglande skonnert og er på reise kysten rundt i høve grunnlova sitt 200-årsjubileum. Seglasen starta i Hammerfest 14. mai og skal ende i Oslo og vidare på land til Eidsvoll 6. juni.

Nils Johan Gjendem

Ordførar i Fræna, Nils Johan Gjendem ser fram til skonnertbesøket i Bud.

Foto: Erik Hattrem / NRK

I tillegg til tale frå ordføraren kan Fræna by på barnesong av elevar frå Bud Barne- og ungdomsskule og korsong. Fræna ungdomsrådskal overrekke manifestet sitt til kapteinen på skonnerten, og det skal haldast allting.

Det er ikkje heilt tilfeldig at Grunnlovsseglasen stoppar i Bud. Fiskeværet i Fræna har lang historie som den største handelsstaden mellom Trondheim og Bergen på 1500-talet, og i 1533 var det riksmøte i Bud.

Les meir om besøket i Bud hos Fræna kommune og på Facebook.

Salutt og fanfare

Seilingskart for Grunnlovsseilasen

«Anna Rogde» skal innom to hamner i Møre og Romsdal.

Foto: Fylkesmannen i Troms

Etter planen skal «Anna Rogde» legge til ved Allmenningskaia i Bud klokka 14.00 tysdag. Når skonnerten kjem skal mannskapet skyte salutt frå båten og det skal spelast fanfare frå land. I tillegg til rik underhaldning deltek både biskopen og fylkesmannen i markeringa.

Skonnerten «Anna Rogde» blir open for publikum medan han ligg til kai. Der kan det vere mykje spanande å sjå og oppleve både for liten og stor.

Onsdag kjem Grunnlovsseglasen til Ålesund.