Hopp til innhold

Håper på fleirtal for turistskatt

Stort press på små lokalsamfunn gjer at fleire tar til orde for å innføre turistskatt. I Geiranger er dette heilt nødvendig, meiner ordføraren.

Turistar på Ørnestigen i Geiranger

MYKJE FOLK: I Geiranger er det hektisk aktivitet og stort press på eit lite lokalsamfunn om sommaren. Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad (Sp), meiner ein turistskatt er avgjerande for å utvikle reisemålet og utvide sesongen.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

No startar diskusjonen om turistskatt i Stortinget for andre gong på to år.

Sist blei forslaget nedstemt. Denne gongen kan det vere fleirtal sidan Ap og Sp har snudd, KrF er på glid og Høgre har opna for å diskutere ei lokal besøksavgift der det er mange turistar.

– Vi treng å få ei avklaring. I dag er det ei rekkje turistmål i Noreg som slit. Vi kan ikkje åleine ta ansvar for det masseturismen påfører oss, seier ordføraren i Stranda Jan Ove Tryggestad (Sp).

Cruiseskip til kai i Ålesund

Cruisebåt til kai i Ålesund.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Fellesgodefinansiering

Innovasjon Norge har definert Bergen, Stavanger, Ålesund, Stranda (Geiranger), Lofoten, Aurland, Stryn og Longyearbyen som pressområde for turisme i sommarsesongen. Ei undersøking dei gjorde blant dei som bur i desse områda i haust, viser at 65 prosent vil ha turistskatt.

Ordføraren i Stranda er ein av dei som håper Stortinget no vil opne for turistskatt for å hjelpe kommunane å handtere turiststraumen.

– Turistskatt er eit ord det er knytt mange fordommar til. Vi vel difor å kalle det fellesgodefinansiering. Det som er avgjerande er at pengane blir brukt målretta til å gjere reisemåla meir miljøvenlege og attraktive heile året, seier han.

Ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad

Ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad.

Foto: Frode Berg / NRK

Tryggestad meiner det er mange måtar å krevje inn turistskatt på.

– Det kan vere mobilbetaling, bompengestasjonar eller tillegg på dei varene du kjøper. Det er ikkje innkrevjingsmetoden som er avgjerande, men at pengane faktisk blir brukt der dei blir betalt inn, seier han.

Forslag frå SV

Fem stortingsrepresentantar frå SV foreslår at regjeringa vurderer ulike modellar for turistskatt, og kjem tilbake til dette i statsbudsjettet for neste år.

Forslaget som næringskomiteen no skal ta stilling til, opnar for innkrevjing av turistskatt på fleire måtar:

«Stortinget ber regjeringen utrede modeller for turistskatt i Norge, og komme tilbake til dette i forbindelse med statsbudsjettet for 2021. Både en statlig fastsatt skatt og kommunale variasjoner, flat sats og prosentandel av overnattingspris, differensierte satser avhengig av sesong og reisemål, samt hvorvidt kommunenes turistskatteinntekter bør øremerkes reiselivsformål, skal vurderes. »

Folkeliv i Loen

Olden i Stryn eir ein av plassane som får mangedobla innbyggartalet i sommarsesongen.

Foto: Silje Guddal / NRK

Vil ikkje ha turistskatt

NHO Reiseliv er tydelege i sitt høyringssvar til næringskomiteen. Dei vil ikkje ha turistskatt.

– Vi meiner at det er eit fordyrande og unødvendig element i norsk reiseliv som ikkje vil løyse dei små utfordringane som finst nokre få stadar i landet, seier Ole Michael Bjørndal som er næringspolitisk fagsjef i NHO reiseliv.

Organisasjonen meiner masseturisme ikkje er eit stort problem i Noreg, og at dei plassane som opplever dette som eit problem, kan løyse det på andre måtar. Dei meiner at mange også gjer dette i dag, med mellom anna brukar betaling og avrenging av talet på cruiseturistar.

Turister ved fotograferer ved Geirangerfjorden

Turistar i Geiranger.

– Turistskatt er lite treffsikkert. Noreg er kanskje det dyraste landet i Europa å besøke. Vi ligg også langt unna, og folk har alt brukt masse pengar på å kome seg hit. Det vil vere lite lurt å gjere det enda dyrare, seier Bjørndal.

Han meiner det er cruisetrafikken som gir dei største utfordringane, og at det må eit klarare regelverk til for å regulere talet på cruise-anløp til norske hamner.

– Ein turistskatt vil ramme hotellnæringa, og det er ikkje der problemet ligg, seier han.