Hopp til innhold

Ny studie kan gi kraftig kutt i antibiotikabruk

Heilt tilfeldig oppdaga legen Iris Relling Nielsen at augedropar kunne kurere biholebetennelse. No har Norges forskingsråd innvilga 15 millionar til ein studie som kan kutte antibiotikabruken kraftig.

Iris Relling Nielsen

PILOT: Iris Relling Nielsen gjennomførte pilotstudien som viste at augedropar var meir effektivt i behandling av biholebetennelse enn antibiotikatablettar. No blir ein større studie sett i gang.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Iris Relling Nielsen jobba som fastlege i Haram på Sunnmøre då ho sjølv fekk akutt biholebetennelse. Ho ville ikkje ta antibiotikatablettar på grunn av biverknadene, men så fekk ho også augekatarr.

– Då tok eg Kloramfenikol augedropar for å behandle augekatarren, og det skjedde noko heilt fantastisk. Etter nokre få dropar losna det i biholene, og eit par dagar etter var eg heilt frisk, fortel ho.

Skreiv dårleg søknad

Fastlege Iris Relling Nielsen

TESTA: Fleire av pasientane til Iris Relling Nielsen fekk prøve augedropar mot biholebetennelse, og mange vart friske.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Relling Nielsen var privatpraktiserande lege, og hadde meir enn nok å gjere. Ho var difor svært skeptisk då legevenner oppfordra henne om å søke pengar for å undersøke omaugedropar verkeleg kunne vere meir effektive enn antibiotikatablettar mot akutt biholebetennelse i kjeven.

– Eg gav etter for presset, og skreiv ein elendig søknad i håp om at han skulle bli avvist. Men så fekk eg pengar, og då var det berre å sette i gang.

Pilotstudien viste at dei som brukte augedropar i snitt blei friske to dagar før dei som brukte tablettar. Studien var for liten til å råde legane om å bruke denne medisinen mot biholebetennelse.

Men no har Antibiotikasenteret for primærmedisin fått innvilga pengar frå Norges forskingsråd – der dei mellom anna vil gjere ein større studie av funna til Iris Relling Nielsen.

Mest unødig bruk

Sigurd Høye

Postdoktor i ved Antibiotikasenteret for Primærmedisin, Sigurd Høye, håper studien vil gi ringverknader i mange land, og kutte antibiotikabruken med 10 prosent i primærhelsetenesten.

Foto: Siri Jensen / Antibiotikasenteret for primærmedisin

Biholebetennelse er den tilstanden der det blir skrive ut mest antibiotikatablettar av allmennlegane, samtidig som det har vist seg å ikkje ha så god effekt.

– Dette er den diagnosen som sannsynlegvis medfører mest unødvendig antibiotikabruk, og det var nettopp derfor vi søkte, seier Sigurd Høye som er postdoktor ved Antibiotikasenteret for primærmedisin.

Verdas helseorganisasjon har slått fast at antibiotikaresistens er den største helsetrusselen verda står overfor. Høye håper forskingsprosjektet dei no har fått pengar til vil føre til meir effektiv behandling av biholebetennelse, og gi mindre antibiotikabruk og resistente bakteriar også i andre land. Sjølv om det er antibiotika også i augedropane, vil dei skape mindre resistente bakteriar enn tablettar som blir tatt opp i heile kroppen.

– Dei fleste land har eit mykje høgare forbruk, og større problem med resistente bakteriar enn vi har i Noreg. Her i landet er vi i den heldige posisjonen at det blir satsa på forsking på antibiotika, og folk flest er opptatt av å ikkje bruke for mykje. Dermed kan våre studiar vere med på å få ned forbruket også i andre land, seier Høye.

Målet er at prosjektet til Antibiotikasenteret for primærmedisin skal gi svar om tre til tre og eit halvt år – femten år etter at fastlege Iris Relling Nielsen tilfeldig oppdaga effekten av augedropane.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL