Statsbusjettet for 2006 gir så lite pengar til utbyggingar at prosjektet i Ålesund kan bli utsett.
Løyvingane dekkjer berre lånebehovet ved St. Olavs Hospital i Trondheim, sa styreleier i Helse Midt-Noreg, Per Sævik, til NRK i går.
– Må haldast varmt
Jacob Kjøde (Foto: NRK)
Helse Sunnmøre ligg under Helse Midt-Norge. Styreleiar Jacob Kjøde er lei for at alt kan gå til Trondheim, men seier det er viktig at dei held prosjektet varmt.
Han håpar det blir løyvd meir pengar når budsjettet blir behandla i Stortinget.