Håper folk får flytte heim til helga

Ordføraren i Molde håper at dei 44 evakuerte i Eresfjord kan få flytte heim att fredag. Torgeir Dahl seier til NRK at dei skal gjere ei vurdering fredag, men mykje tyder på at folk får flytte heim att til helga. 44 personar vart evakuerte frå husa sine i Eresfjord natt til torsdag, fordi elva Dokkelva kunne fløyme over.

Torgeir Dahl
Foto: Trine Jørgensen Aandahl / NRK