Hopp til innhold

Håper 200 meter knallgult strikk skal gjere inntrykk på politikarane

HALSA (NRK): Eit knippe politikarar får eit knallgult strikketøy i fanget når dei møter på Stortinget torsdag. Nordmørskvinnene har funne ein uvanleg måte å protestere på.

Juanita Møkkelgård

Det tok 15 år før Juanita Møkkelgård henta fram igjen strikkepinnane. Då var ho så frustrert at ho strikka i metervis med gult.

Foto: Roar Strøm

Nyheita om at utbetringa av hovudvegen mellom Nordmøre og Trøndelag er utsett har sett fart på temperamentet – og strikkepinnane.

Nesten 80 driftige damer har dei siste fjorten dagane strikka ei 200 meter lang gulstripe, for å symbolisere den etterlengta vegen. Dei meiner det hastar å få europaveg-standard med gul midtstripe umiddelbart.

– Vi vil ha E39 med gulstripe no, seier aksjonsleiar Solvår Skogen Sæterbø med ettertrykk.

Les også:

Leita fram igjen strikkepinnane etter 15 år

Strikkedamer for E39

Aksjonsgruppa er svært fornøgde med alt dei har fått inn. F.v. Tora Vaagen Hofset, Helga Hjorthol Grønset, Åsrun Henden Enge og Solvår Skogen Sæterbø.

Foto: Roar Strøm

Juanita Møkkelgård har ikkje hatt eit strikketøy i fanget på 15 år. Då ho høyrde om den uvanlege aksjonen for betre veg, kasta ho seg på.

Søndag ettermiddag møttest kvinner frå fleire nordmørsbygder for å gje frå seg det uvanlege handarbeidet dei har hatt mellom hendene dei siste dagane. Nokre strikka framleis då NRK besøkte dei.

– Eg er med fordi dette høyrest så tullete. Når vi lagar gulstripe, så synest vi vegvesenet kan lage vegane også, seier Møkkelgård bestemt.

Skuffa over politikarane

Det var mange som var skuffa då det blei klart at det ikkje ligg pengar inne til vegen i statsbudsjettet for 2017. For strekninga mellom Halsa på Nordmøre og Hemne i Sør-Trøndelag låg inne i Nasjonal Transportplan med 20 millionar kroner i 2016 og 100 millionar i 2017.

Helge Orten

Helge Orten (H) frå Midsund, som sit i transportkomiteen på Stortinget, seier han gler seg til å ta imot nordmørskvinnene torsdag.

Foto: Trond Vestre / NRK

No er tolmodet slutt, og torsdag skal strikketøyet overleverast politikarar i transportkomiteen på Stortinget. Komitemedlem Helge Orten (H) frå Midsund seier dette er høgst uvanleg.

Dette er eit nytt og veldig artig påfunn som illustrerer problemstillinga på ein humoristisk måte opp i alt alvoret. Eg gler meg til å ta imot dei, dei har eit godt prosjekt, seier han.

Kaker for E39

Vegengasjementet var tema også på kakene då bidragsytarane møttest søndag i Halsa.

Foto: Roar Strøm

Men kan du love dei hjelp?

– Vi er i forhandlingar med KrF og Venstre og jobbar framleis med å få til oppstart så tidleg som råd, seier han.

Dei nektar å gje opp kampen om å få riksvegsstandard på E39 mellom Halsa og Hemne. Torsdag leverer dei 200 meter strikka gulstripe til politikarar på Stortinget.