Hopp til innhold

Håpar på snarleg trenaravklaring

Arbeidet med å finne den permanente hovudtrenaren fortset hos Molde, som i går kveld rauk ut av noregsmeisterskapen i fotball.

Arbeidet med å finne den permanente hovedtreneren fortsetter hos Molde, som i går kveld røyk ut av norgesmesterskapet i fotball. Kaptein Daniel Berg Hestad håper løsninga kommer snart.

Sjå tv-saka: Arbeidet med å finne den permanente hovudtrenaren fortset hos Molde, som i går kveld rauk ut av noregsmeisterskapen i fotball. Foto/redigering: Øyvind Berge Sæbjørnsen.

Torsdag var det igjen trening på Aker Stadion i Molde. I går rauk fjorårets cupmeister ut av NM-cupen for menn etter eit 3–0 tap mot Viking.

Tarje Nordstrand Jacobsen

Tarje Nordstrand Jacobsen seier at dei jobbar med ei løysing.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Og medan Molde-spelarane prøvde å riste cup-exiten ut av beina på dagens trening, under leiing av Erling Moe, jobbar klubbleiinga med å finne ei permanent trenarløysing for laget.

Tarje Nordstrand Jacobsen, klubbdirektør i Molde FK, kan ikkje seie om det er snakk om timar, dagar eller veker før ein ny trenar er på plass.

– Vi er godt i gang med prosessen og arbeidet går bra. Den endeleg løysinga kjem når alt er klart, seier han.

Ønskjer ei snarleg løysing

Det er no litt over ei veke sidan nyheita om at tidlegare Molde-trenar Tor Ole Skullerud og hans assistent Bård Wiggen begge var løyst frå kontraktane sine med umiddelbar verknad.

Daniel Berg Hestad

Daniel Berg Hestad meiner det er viktig å få på plass ei permanent løysing.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Moldensaren Erling Moe (45) tok over trenarrolla etter Skullerud i Molde FK, og er sett inn inntil ei permanent løysing er på plass.

Superveteran og kaptein Daniel Berg Hestad var ein av spelarane som deltok på treninga torsdag. Han håpar at ei løysing snart er på plass.

– Det er viktig å få på plass ein ny trenar med tanke på neste år. Både i forhold til nye spelarar som skal inn og ut og i forhold til logistikk, seier han.

– Er dette noko de spelarane tenker mykje på?

– Når dei har sagt at det kjem ein ny trenar så går både spelarane og publikum og ventar på nyheita, så det kan vere positivt å få dette på plass snart, seier han.

Uproblematisk situasjon

Erling Moe kom frå jobben som spelarutviklar i klubben og har vore tett på laget og trenarteamet sidan Kjell Jonevret tok til som trenar i 2007.

Erling Moe

NY TRENAR: Erling Moe tok over trenarrolla i Molde FK etter at Tor Ole Skullerud fekk sparken.

Foto: Hans-Olav Landsverk

Den mellombels trenaren er ein av kandidatane som vurderast til den endelege løysinga. Sjølv meiner han det er uproblematisk å ikkje vite kor lenge han har jobben.

– Eg gjekk inn i dette med eit opent sinn. Klubben har vore klar på korleis dei tenker og at dei jobbar med ei langsiktig løysing, seier Moe.

– Kan du vere den langsiktige løysinga?

– Dersom eg skal bli vurdert for noko sant, så må ein byrje å vinne fotballkampar, seier han lattermild.

Moe meiner det er viktig å legge gårsdagens tap bak seg, og sjå framover mot kamp søndag.

– Det å vere trenar er ein spennande prosess, sjølv om eg ikkje har valt det sjølv. No skal vi sjå framover og reise oss igjen, seier trenaren.