NRK Meny
Normal

Håpar på samanslåing

Ulstein-ordførar Knut Erik Engh frå Frp forventar at Stortinget brukar styringsretten når kommunereforma skal behandlast neste vår.

Knut Erik Engh

Ulstein-ordførar Knut Erik Engh frå Frp meiner at Stortinget bør bruke styringsretten sin til å slå saman kommunar.

Foto: Trond Vestre / NRK

Tysdag sa formannskapet i Ulstein ja til samanslåing med Hareid. I kveld skal kommunestyret i Hareid gjere sitt vedtak etter at folk sa nei til samanslåing i folkerøystinga.

Dersom dei to kommunane gjer to ulike vedtak blir spørsmålet kva fylkesmannen og Stortinget vil gjere.

– Eg reknar med at fylkesmannen kjem til å kome med ei tilråding der kommunekartet for Møre og Romsdal vil sjå heilt annleis ut enn det gjer i dag, seier Ulstein-ordførar Knut Erik Engh.

– Bør bruke styringsretten

Ordføraren håper likevel at fylkesmannen tek omsyn til kva dei to kommunane sjølv ønskjer.

Ordfører i Hareid, Anders Riise og ordfører i Ulstein Knut Erik Engh

Ordførarane i Hareid og Ulstein signerte ein intensjonsavtale om å slå seg saman i starten av juli. I kveld skal kommunestyret i Hareid gjere sitt vedtak etter at folk sa nei til samanslåing i folkerøystinga.

Foto: Lars Ivar Nordal / NRK

– Eg håpar at fylkesmannen lyttar til det rådet som vi, og truleg også Hareid, kjem til å gi, nemleg at ein bør sjå på Hareid/Ulstein dersom ein bruker tvang, seier Engh.

Han meiner at Stortinget må følgje opp det dei har sagt.

– Når eit fleirtal på Stortinget, inkludert Arbeidarpartiet, har sagt at ein treng nye og større kommune så bør dei vise det i behandlinga si, seier Engh.

– Betyr det at du meiner at ein bør bruke tvang i denne situasjonen?

– Tvang og tvang. Eg meiner at dei bør bruke styringsretten sin slik som dei gjer i mange andre samanhengar, og då meiner eg at dei bør slå saman kommunar, seier Ulstein-ordføraren.