Systemet vil i første omgang bli testa ut ved feiing, men etter kvart vil det også bli brukt ved til dømes evakueringar eller for å varsle om farleg røyk.
– Først og fremst vil det bli brukt i forbindelse med feiing og tilsyn, seier Bjørn Robert Olsen, branningeniør i Molde brann- og redningsteneste.
– Seinare kan det også bli brukt til å varsle om hendingar i kommunen der det er behov for evakuering eller det er fare for giftig røyk eller gassa, held Olsen fram.
Fleire fordelar ved telefonvarsling
Olsen håpar at telefonvarslinga vil bidra til at dei kan varsle innbyggarane raskare enn tidlegare.
– Vi kan gi beskjed både via talemelding og SMS, og får ei tilbakemelding frå dei som har mottatt meldinga. Dermed får vi ei rask oversikt over kor mange som er evakuert. seier han.
Pål Henrik Karlsen, feiarsvenn i Molde brann- og redningsteneste, trur telefonvarslinga blir eit viktig hjelpemiddel.
– Det ser ut til å bli ei veldig bra varsling. Vi slepp å bruke tid på å køyre innom kvart hus og vi sparar pengar både på drivstoff og på papira vi sleppe å sende ut, seier han.