Håpar på avhøyr i dag

I løpet av dagen håpar politiet å få avhøyrt dei tre som er arresterte etter masseslagsmålet i Ålesund i natt. Det opplyser operasjonsleiar John Brattland. Opp mot 20 unge menn var involverte i saka, utan at politiet enno kjenner motivet for slåstinga. Fleire skal ha fått mindre skadar under masseslagsmålet som skjedde i Ålesund sentrum i tretida i natt.