Tenk deg at du har fått påvist korona, men er uroleg for om du er i ferd med å utvikle alvorlege symptom. I Kristiansund har pasientar med påvist smitte dei siste vekene fått tilbod om å ta med eit pulsoksymeter heim. Enkelt sagt måler det oksygenet i blodet.
– Dette verktøyet vil fange opp fall i oksygenmetting som gjer at vi i enkelte tilfelle kan sjå om pasienten blir dårleg nesten før dei merkar det sjølv. Det er grunnen til at dette kan vere så effektivt i oppfølginga, seier Askill Sandvik, kommuneoverlege i Kristiansund.
Blir varsla med alarm
På overvakingsskjermar kan helsepersonell i kommunen følgje med på tilstanden til kvar enkelt pasient. Dersom oksymeteret viser for låg oksyngenmetting, går alarmen. Då blir smittevernteamet umiddelbart varsla og kan sette i gang tiltak tidleg. På den måten kan ein til dømes unngå at pasienten hamnar i respirator.
Målaren er kvit og svart og registrerer puls, temperatur og oksygen i blodet.
Vil dele ideen med resten av landet
Allereie i januar bestilte Kristiansund eit par hundre slike måleapparat. Etter dette sette IT-avdelinga i kommunen seg ned og lagde ei sikker registreringsordning via nett.
No har kommunen søkt Fylkesmannen i Møre og Romsdal om 800 000 kroner.
– I første omgang har Fylkesmannen vore positivt til at vi kan rulle dette ut i Møre og Romsdal, men vi ser at det har eit nasjonalt potensial, seier rådmann Arne Ingebrigtsen i Kristiansund.
Positiv til å ta det i bruk
Helsedirektoratet meiner bruken av oksymeter har utfordringar knytt både til personvern og tryggleik. Og at denne typen overvaking krev ressursar til teknisk utstyr og bemanning - og god nok tilgang på apparat. Likevel meiner dei behovet er stort.
– Vi stiller oss veldig positivt til dette og liknande prosjekt. Brukt på ein god måte vil dette vere ressursbesparane for helsetenesta, men det er ikkje nok aleine til å overvake sjuke pasientar, seier Jo Winding Harbitz, som er avdelingsdirektør i Helsedirektoratet.