NRK Meny
Normal

Håp om jubel på «fotballdagen 16. mai»

Hødd-trenar Sindre Eid og KBK-trenar Christian Michelsen gler seg stort til heimekamp i dag 16. mai.

Sindre Eid

Sindre Eid håper på heimejubel på Høddvoll mot Hønefoss.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Vi gler oss til ny heimekamp. Vi har nokre gode opplevingar heime no, førebels berre sigrar, og det ønskjer vi i dag òg, seier Michelsen til NRK før kampen mot Ranheim.

Mendy har akkurat scoret mot Hønefoss

Her har Jean Alassane Mendy nettopp scora for KBK mot Hønefoss. Trenar Christian Michelsen håper på meir jubel mot Ranheim.

Foto: Roar Halten / NRK

Kristiansund-trenaren er tydeleg på at dei møter eit godt lag.

– Ranheim har vore med i toppen dei siste åra. Sjølv om dei ikkje har opna så bra, så er dette eit lag som heilt sikkert vil kjempe om kvalikplass i år også, meiner KBK-trenaren.

No gler han seg til «fotballdagen 16. mai».

– Vi håper det kjem mykje folk i dag, meir enn tidlegare i år. Det fortener gutane etter gode resultat på heimebane.

Laster innhold, vennligst vent..

Håper på heimejubel

Hødd-trenar Sindre Eid meiner, i ein trenarkommentar før kampen, at 16. mai er den store festdagen i norsk fotball.

– Når terminlista kjem før sesongen er det gjerne denne datoen ein sjekkar først for å sjå om vi får heimekamp og fotballfest på Høddvoll, seier han.

Hødd fekk heimekamp og møter Hønefoss. Der håper han på tre poeng etter fleire skuffande kampar på Høddvoll.

– På bortebane har vi vore sterke, medan det har lugga meir for oss på heimebane. Vi burde vunne både mot Tromsdalen og Strømmen, meiner Eid.

Det blei uavgjort i begge dei to oppgjera. I tillegg blei det eit skuffande tap i cupen mot Florø.

– Det er historie no. Når ein får den type kampar og opplevingar er det viktig å lære av det og kome seg raskt vidare. I så måte var det sterkt å reise til Bryne og ta poeng, seier Hødd-trenaren.

No er det altså tre poeng mot Hønefoss som er målet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..