Fleire fylkespolitikarar vil fortsette arbeidet for høgfartstog til Ålesund, trass at Jernbaneverket vil ha Østerdalen som trase mellom Oslo og Trondheim. Ifølgje ei utgreiing vil Gudbrandsdalen koste 40 milliardar kroner meir.
Fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen frå Arbeiderpartiet, vil fortsette arbeidet for lyntog i Gudbrandsdalen. Han meiner at det er verdt å jobbe for så lenge forslaget ikkje er spikra.
LES OGSÅ:
– Det hadde vore bortkasta å arbeide for trase i Gudbrandsdalen viss forslaget om lyntog i Østerdalen var avgjort. Eg føler at det framleis er mogeleg at bana kan bli lagt til Gudbrandsdalen, seier fylkesordføraren.
Vil ha trase i Gubrandsdalen
Fylkesordføraren seier at han vil støtte løyvinga i fylkesutvalet i dag. Han er redd Møre og Romsdal kan verte skulda for å ikkje arbeide nok for høgfartstog i ettertid av vedtaket.
– Eg vil unngå at det vert sagt i ettertid at Møre og Romsdal ikkje gjorde noko. Den situasjonen vil eg ikkje hamne i, seier Aasen.
LES OGSÅ:
Ikkje positiv til høgfartstog
Frank Sve frå Framstegspartiet vil ikkje bruke 40 milliardar kroner meir for å få lyntog i Møre og Romsdal. Han meiner at pengane bør brukast andre stader.
– Det å tru at ein skal bruke 40 milliardar kroner meir kan ein berre legge vekk. Vi har ferjer over heile fylket som er ståande. Det er altså i mange andre område vi treng å bruke pengar, seier Sve.
LES OGSÅ:
Vil påverke trasevalet
Helge Orten og Høgre vil støtte fylkesrådmannen sitt forslag om løyvingar til høgfartstog når saka kjem opp i fylkesutvalet. Han er som fleirtalet av fylkespolitikarane positiv.
– Det går bokstaveleg talt eit tog no i forhold til valg av trasear. Det er viktig for oss å vere i posisjon når det gjeld at traseen frå Oslo til Trondheim skal gå gjennom Gudbrandsdalen, seier Orten.
Orten og Høgre vil vere med å støtte vidare utgreiingsarbeid nettopp for å vere i posisjon for å påverke trasevalet.
LES OGSÅ:
Deutsche Bahn kontra Jernbaneverket
Fylkesvaraordfører frå Venstre, Gunn Berit Gjerde, meiner at Deutsche Bahn har planar som vil gje ein heilt annan økonomi. Gjerde, som også er leiar i lyntogforumet i fylket, vil ha trasear til Ålesund.
– Det finns andre planar på trasear frå Deutsche Bahn. Med deira planar vil det både bli billigare å bygge, og ein vil også hente opp fleire folk gjennom Gudbrandsdalen. Difor vil billettinntektene bli større, seier Gjerde.