Hopp til innhold

Har reist frå Australia for å sjå Hanson

90-talets store popyndlingar Hanson spelar sin første konsert i Norge. Fans frå heile verda har samla seg i Ålesund.

Hanson i Ålesund

Dei tre brørne Isaac Hanson, Taylor og Zachary «Zac» har vore eit band sidan starten av 1990-talet. Dei tre er kanskje mest kjend for låten «MMMBop».

Foto: Alf- Jørgen Tyssing / NRK

Det amerikanske bandet Hanson slo gjennom for fullt på midten av 1990-talet. Over tjue år seinare speler dei for første gong i Norge.

– På tide, meiner Isaac Hanson.

– Vi er heldige

Bandet blei starta av Clarke og hans to brør Taylor og Zachary «Zac» i Oklahoma, USA, i 1992. Dei har selt millionar av plater, men er nok mest kjend for låten «MMMBop» som herja poplistene på slutten av 1990-talet. No er dei tre glad for å endeleg kunne spele ny og gamal musikk for publikum i Norge.

Clarke Isaac Hanson

Clarke Isaac Hanson er glad for at dei endeleg kan halde konsertar i Norge.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Dette er ei god anledning for oss å spele musikken vår for dei som aldri har sett oss før og dei som ikkje har sett oss på lenge, seier Isaac.

Dei tre brørne vektlegg at dei set stor pris på fansen som har følgt dei verda rundt i over 20 år.

– Vi er svært heldige. Vi har fans som har vore her sidan starten, men vi har også fått nye dei siste åra, så vi har publikum i alle aldersgrupper, seier Jordan Hanson.

– Det er fantastisk at dei framleis er interessert i oss etter så mange år og at musikken vår når ut til fleire generasjonar, seier Zachary Hanson.

Frå heile verda til Ålesund

Onsdag kveld går dei tre Hanson-brørne på scena i Ålesund, og for første gang i Norge. Men allereie timar før konsertstart hadde nokre trossa det kalde vestlandsvêret for å sikre seg plassar heilt fremst når dørene opnar.

Hanson i Ålesund

Stephanie Lee og Sarah Llewelyn har reist heilt frå USA og Australia for å få med seg konserten i Ålesund. 

Foto: Alf-Jørgen tyssing / NRK

Dei som hadde reist lengst for å få med seg konserten kom mellom anna frå Australia, Canada, USA, Tyskland og Sverige. Stephanie Lee og Sarah Llewelyn har reist heilt frå USA og Australia for å få med seg konserten i Ålesund.

– Vi har reist verda rundt for å sjå dei. Dette er min åttande konsert i år, seier Llewelyn.

– Kvifor reiser de så langt for å sjå Hanson?

– Bandet og musikken er sjølvsagt ein stor del av det. Men som er fans skaper også nære vennskap som blir viktige for oss, seier Lee.

Anni Jakobsson, Jennifer Zug, Melisa Rydstrøm og Cecilia Rose

I KØ FOR HANSON: Anni Jakobsson (Finland), Jennifer Zug (Tyskland), Melisa Rydstrøm og Cecilia Rose frå Sverige hadde reist langt for å få med seg Hanson-konserten i Ålesund.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Anni Jakobsen har reist frå Helsinki, Finland fortel at ho har høyrt på Hanson sidan starten.

– Eg måtte nesten kome hit når dei spelar i Skandinavia for første gong. Når du høyrer på musikken så lenge så blir dei ein stor del av livet ditt. Dette blir kjempegøy, seier ho med eit stort smil.

– Konsert nummer 20

I 2017 feira trioen 25 år som band og valde å legge ut på ein jubileumsturne for å glede fans verda over. Konserten i Ålesund er den første av få konsertar som Hanson skal spele i Norge denne våren. Vidare går turen til Stavanger, Oslo og til slutt Bergen. Ein av dei andre som stod i kø utanfor konsertlokalet var Jennifer Zug (32) frå Tyskland.

Jennifer Zug

Jennifer Zug (32) frå Tyskland har følgt Hanson-brørne i over tjue år.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Eg har følgt bandet i ei årrekke og synest dei er kjempeflinke. Dette blir konsert nummer 20, fortel ho.

Sjølv om mange av oss kanskje hugsar Hanson best frå 1990-talet, meiner Zug at bandet er minst like relevante i dag som då.

– Vi som har følgt bandet over tid ser at dei har hatt ei stor utvikling. Dei er ikkje tenåringar lenger, men det er ikkje vi heller, seier ho og ler.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL