Hopp til innhold

Geir Hansen sluttar i Hødd

Konstituert sportssjef i Hødd, Geir Hansen, har sagt opp stillinga si i klubben. Han avviser at nedrykket til Hødd er årsaka.

Geir Hansen

Geir Hansen kom til Hødd sommaren 2014 og har jobba der sidan.

Foto: Arne Flatin / NRK

Hansen blei tilsett som sportsleg utviklingsleiar i 2014 og har vore konstituert sportssjef sidan André Nevstad fekk permisjon frå denne stillinga i mai.

Søndag blei det klart at Hødd rykker ned og skal spele i 2. divisjon neste år. Hansen avviser derimot at dette er ein del av grunnen til at han no gir seg i Hødd.

– Valet blei gjort før vi rykte ned. Eg hadde gitt meg uansett om vi hadde rykka opp, ned eller blitt i 1. divisjon. Hødd er ein kjempeklubb og det er ingen dramatikk knytt til det at eg no gir meg, seier Hansen.

Eit ønskje om å prioritere familien er årsaka til at han no sluttar.

– Eg har hatt både store oppturar og nedturar i Hødd og eg har trivst kjempegodt. Men eg bur i Ålesund og har pendla i tre sesongar no, og ønskjer å bruke tida mi annleis framover, seier Hansen.

Vurderar jobbmoglegheiter

Hansen skal jobbe i Hødd ut året, men vil på dette tidspunktet ikkje seie noko om kva han skal gjere når han sluttar i Hødd til nyttår.

– Det er ikkje heilt klart enno, men det kan bli klart i løpet av dei komande dagane. Eg kan jo andre ting enn fotball, så vi får sjå. Eg skal først og fremst vere litt meir heime, seier han.

Hansen har tidlegare jobba i AaFK, men avviser at ein retur til fotballklubben ligg i planane.

– Det er ikkje ein av dei jobbmoglegheitene eg no ser på. Det har ikkje noko med AaFK å gjere, men dersom eg skulle ha jobba i ein fotballklubb neste år, så ville det blitt Hødd.

Han innrømmer likevel at det er ein god sjanse for at fotball framleis blir ein del av den nye arbeidskvardagen hans.

– Det kan godt hende at eg kjem til å jobbe med fotball, men det blir annleis. Fotball er ein stor lidenskap og noko eg kjem til å halde på med heile livet. Men eg ønskjer ei meir normal arbeidstid der eg jobbar på dagtid medan ungane er på skulen, og har meir tid til å vere saman med dei på ettermiddagen og i helgene, seier Hansen.

Ønskjer Hansen lykke til

Hansen fortel at han har hatt nokre fine år i Hødd og at han tek med seg mange gode minner og erfaringar frå tida i Ulsteinvik.

Andre Nevstad

André Nevstad går no tilbake til stillinga som sportssjef.

Foto: Arne Flatin

– Eg er utruleg glad i Hødd og kjem til å heie på dei i åra som kjem, sjølv om eg ikkje jobbar der lenger, seier han.

André Nevstad går no tilbake til stillinga som sportssjef. I ei pressemelding frå Hødd skriv klubben at dei takkar Hansen for jobben han har gjort.

– Hødd Fotball vil takke Geir for den kompetansen han har tilført klubben dei åra han har vore her. Vi ønskjer han lykke til vidare, står det.