Hopp til innhold

Kongens Garde på toppen av Kongen: – For ein natur, for ei utsikt!

For gardistane var dette ein av dei beste turane i livet. Og sjølv den svenske guiden fekk frysningar då det norske flagget blei planta på toppen av fjellet Kongen.

HMK Garde på toppen av Kongen 4

SPELAR FOR KONGEN: Hans Majestet Kongens Garde ved fjellet Kongen (1614 moh.) i Romsdalen.

Foto: Håvard Dalen / Kongeriket Romsdal

– No sit eg og ser utover Oslo. Det er greitt nok det, men når vi veit kva vi har berre ein togtur unna, så synest eg fleire må ut og oppleve det.

Det seier kompanisersjant i Hans Majestet Kongens Garde, 3. gardekompani, Fredrik Kim Gresseth dagen etter den spektakulære turen til fjellet Kongen i Romsdalen.

Ni gardistar var med på parademarsjen – signalhorn, trommeslagarar, to drillgardistar, samt flagg- og faneberarar.

HMK Garde på toppen av Kongen 13

Det norske flagget på toppen av Kongen (1611 moh.)

Foto: Håvard Dalen / Kongeriket Romsdal

Kongeriket Romsdal

Det er opninga av prosjektet «Kongeriket Romsdal» som har ført Garden til Kongen, 1614 meter over havet, denne dagen.

Målet er at fleire skal gå tur i området som består av fjella Kongen, Dronninga (1544 moh.) og Bispen (1462 moh.), samt ein meir familievennleg tur til Bispevatnet.

Lørdag 10. august besteg og spilte Hans Majestet Kongens Garde 3. gardekompani parademarsj på toppen av Kongen (1614 moh), i anledning åpningen av Kongeriket Romsdal.

Ved Bispevatnet.

Foto: Håvard Dalen / Kongeriket Romdsal

Dei som står bak prosjektet, vil også at folk skal gå med sertifisert guide til dei høge toppane. På denne måten vil dei gjere fjella meir tilgjengelege for folk flest.

– Dette er bratt og utsett terreng, så det er guideturar. Vi oppfordrar ikkje folk til å gå dei på eiga hand, seier prosjektleiar Heidi Leren.

Med guiden vil turgåarane også få servert historie og naturvitskap på veg opp.

– Det er ikkje det at vi vil ha flest mogleg inn i fjella her, men det skal vere kvalitet for dei som kjem, seier ho.

Lørdag 10. august besteg og spilte Hans Majestet Kongens Garde 3. gardekompani parademarsj på toppen av Kongen (1614 moh), i anledning åpningen av Kongeriket Romsdal.

Guiden er imponert over kor spreke gardistane var: – Dei viste også ei stor turglede, seier Bjørn Kruse.

Foto: Håvard Dalen / Kongeriket Romsdal

– Høgtidleg

Ein av dei sertifiserte guidane som var med på turen, er Bjørn Kruse. Han synest parademarsjen var endå betre enn forventa, og fekk frysningar då det norske flagget blei planta på toppen av fjellet.

– Det var ekstra spesielt for meg, for eg er tidlegare svensk gardist. Eg gjorde ikkje noko nummer utav det på turen altså. Men eg har spelt med den norske Garden før, og veit at dei er verdas beste. Det blei ei skikkeleg høgtidleg og flott oppleving.

Lørdag 10. august besteg og spilte Hans Majestet Kongens Garde 3. gardekompani parademarsj på toppen av Kongen (1614 moh), i anledning åpningen av Kongeriket Romsdal.

Småklyving oppover romsdalsfjella.

Foto: Håvard Dalen / Kongeriket Romsdal

Han meiner det vil vere ein stor fordel å få fleire turgåarar til desse fjella. Både fordi turane er fine, men også for å unngå at alle berre går dei meir populære turane som Romsdalshorn og Venjetindane.

– Det kan vere lurt å spreie trafikken litt, seier han.

HMK Garde på toppen av Kongen 2 Lørdag 10. august besteg og spilte Hans Majestet Kongens Garde 3. gardekompani parademarsj på toppen av Kongen (1614 moh), i anledning åpningen av Kongeriket Romsdal.

Målet er at folk skal ta i bruk ein større del av romsdalsfjella, med trygg ferdsel både for folk og natur.

Foto: Håvard Dalen / Kongeriket Romsdal

Ikkje så uvanleg

Sjølv om turen til Kongen er både krevjande og spektakulær, seier kompanisersjanten at det ikkje er så uvanleg som det kan virke som at dei gjer ting som dette.

– Vi reiser på Norgesturné kvar år, der vi prøver å fronte regionen vi er i, seier kompanisersjant Gresseth.

Lørdag 10. august besteg og spilte Hans Majestet Kongens Garde 3. gardekompani parademarsj på toppen av Kongen (1614 moh), i anledning åpningen av Kongeriket Romsdal.

Gardistane framfor majestetiske romsdalsfjell.

Foto: Håvard Dalen / Kongeriket Romsdal

Og fjella i Romsdal passa perfekt for Hans Majestet Kongens Garde å representere, meiner han.

– Det er norsk natur, norsk kultur, tradisjonar og historie. Og ikkje minst det å fremme norsk folkehelse og verdiar. Så det passar veldig fint.

Dei er også kongens livgarde, og då meiner Gresseth det er perfekt med parademarsj til fjellet Kongen – sjølv om det er ein krevjande tur og i tillegg skulle frakte alt utstyret og uniformene opp.

– Dei er så sta den gjengen der, og det er så mykje ståpåvilje. Dei seier det var årets oppdrag, og ein av dei beste turane i livet. For ein natur, for ei utsikt! slår kompanisersjanten fast.

Lørdag 10. august besteg og spilte Hans Majestet Kongens Garde 3. gardekompani parademarsj på toppen av Kongen (1614 moh), i anledning åpningen av Kongeriket Romsdal.

Kongens menn med Kongen i bakgrunnen.

Foto: Håvard Dalen / Kongeriket Romsdal

Les også Har vakter for å stoppe folk fra å ta seg inn på Trollstigen

IMG_3824 Jan Erik Almeland fra Safe24, trafikkdirigering er hyret inn for å sikre at ikke folk tar seg inn i det rasfarlige området på Trollstigen