NRK Meny
Normal

Hanna (5) enda på sjukehus etter fysikkshow

Fysikkeksperimentet barnehageungane var inviterte til å sjå på resulterte i ei natt på sjukehuset for fem år gamle Hanna.

Hanna og Sunniva Tomren

Hanna måtte i narkose for å behandle brannsåret ho fekk under fysikkshowet med Andreas Wahl i Giske.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

For å pirre nysgjerrigheita til barn og unge, inviterte realfagskommunen Giske til fysikkshow med TV-kjendis Andreas Wahl torsdag. Men då fysikaren kjend frå NRK Super, "Reale triks", "Folkeopplysningen" og "Med livet som innsats" skulle vise ungane korleis skyar blir til, gjekk noko frykteleg gale.

Brannsår på foten

Den kjende fysikaren hadde gjort eksperimentet fleire gongar før, og skulle vise ungane at han kunne lage ei sky av å tømme kokande vatn opp i ei bøtte der det var iskald nitrogen. Men det kokande vatnet spruta forbi scenekanten og ned på barnehageungar som sat på første rad.

Hanna Tomren Ulla fekk det kokheite vatnet på foten sin, noko som resulterte i brannsår på foten og innlegging på sjukehus.

– Det var ingen kjekk telefon å få at jenta mi hadde fått kokande vatn over seg, fortel pappa Jan Egil Ulla.

I telefonsamtalen torsdag fekk han beskjed om å kome seg til barnehagen så fort han kunne. Då han kom fram var der ambulansepersonell som sjekka at ungane hadde det bra, men Hanna og ein til måtte vidare i ambulanse til sjukehuset.

Jan Egil Ulla, Hanna og Sunniva Tomren

Jan Egil Ulla og Sunniva Tomren rosar barnehagen for måten dei handterte hendinga på.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

– Trist og kjedeleg

For å få fjerna den lause huda frå det brannskadde området på leggen, måtte femåringen i narkose og blei liggande på sjukehuset til dagen etter.

Folkeopplysningen

Fysikar Andreas Wahl har blitt kjent gjennom fleire NRK-program og jobbar for å vekkje realfagsinteressa for born og unge med sine show.

Foto: Nina Fjeldsaa / NRK/Teddy TV

– Det er sjølvsagt kjedeleg at det har skjedd, men ulykker kan skje. Vi klandrar ikkje nokon for dette, understrekar Jan Egil Ulla, som fekk ein telefon med beklaging frå Andreas Wahl fredag.

– Han ringde og var veldig lei seg. Det skal absolutt ikkje skje, det var han heilt einig i. Han har gjort det 400–500 gongar før og det har aldri skjedd før.

Andreas Wahl ønskjer ikkje å uttale seg til NRK, men viser til kommentarane han gav til Sunnmørsposten etter hendinga torsdag.

– Eg som ansvarleg synest dette er veldig trist og kjedeleg, sa han til avisa då.

– Svært beklageleg

Barnehageleiar for Gnist Sætra på Valderøya, Heidi Pedersen, skriv i ein e-post til NRK at dei ikkje ønskjer å spekulere i det som har skjedd på noverande tidspunkt og viser til Giske kommune, som var ansvarlege for arrangementet.

Hanna måtte bandasjere foten

Hanna måtte bandasjere foten etter at ho fekk det kokande vatnet på seg.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

– Vår viktigaste jobb er å vere til støtte for born og pårørande. Vi reknar med at kommunen involverer oss i ei evaluering av kva som skjedde under arrangementet, skriv Pedersen.

Assisterande rådmann i Giske, Sindre Røsvik, fortel at ungane sat 2–3 meter frå scenekanten og ikkje skjønar korleis uhellet kan ha skjedd.

– Det er svært beklageleg. Vi er veldig lei oss. Vi hadde ikkje trudd at noko slikt skulle skje. Vi har trass alt med ein veldig erfaren naturfagmann å gjere. Vi reknar dette som eit reint uhell.