Hopp til innhold

Hanekamhaug og Torve ute av dansen

Røystene strekte ikkje til for verken Mette Hanekamhaug (FrP) eller Tove Lise Torve (Ap). Etter fire år på Stortinget er det over og ut.

Tove Lise Torve og Mette Hanekamhaug

Mette Hanekamhaug (FrP) og Tove Lise Torve (Ap) er ute av Stortinget.

Medan nye andlet har kome til på Mørebenken, må to frå Møre og Romsdal som har site på Stortinget dei siste åra ufrivilleg finne seg noko anna å gjere.

Valt inn på dramatisk vis

Med sine 22 år vart Mette Hanekamhaug den yngste stortingsrepresentanten nokon gong då ho såvidt kom inn etter valet i 2009.

Mette Hanekamhaug

Mette Hankamhaug vart Noreg sin yngste stortingsrepresentant nokon gong, då ho 22 år gamal kom inn ved hjelp av Møre og Romsdal sitt utjamningsmandat i 2009.

Foto: Mette Hanekamhaug
Harald Nesvik, Mette Hanekamhaug og Oskar Grimstad

Mette Hanekamhaug kom inn på Stortinget saman med sine partifeller Harald T. Nesvik og Oskar Grimstad i 2009. Berre to av dei har fått fornya tillit.

Foto: Trond Vestre / NRK
Siv Jensen

Siv Jensen jubla frå scenen til FrP si valvake.

Foto: Kristine Hirsti / NRK

Då var ho lenge ut og inn av Stortinget, før ho til slutt stakk av med Møre og Romsdal sitt utjamningsmandat og dermed danka ut Torgeir Dahl (H).

Les:

Også no stod Mette Hanekamhaug frå Molde på tredjeplass på Framstegspartiet si liste til stortingsvalet, men med ein tilbakegang på 7,3 prosentpoeng i Møre og Romsdal måtte plassane gå til dei to som stod øvst på lista, nemleg Harald T. Nesvik og Oskar Grimstad.

Hanekamhaug er ikkje overraska over at ho ikkje får fire nye år på Stortinget.

– Eg har sett prognosane no i lang tid, og på meiningsmålingane har det vore slik i over eitt år no så dette var eg førebudd på.

Samstundes som at resultatet vart som venta for 26-åringen, har ho ikkje nokon plan for kva ho skal gjere når ho no må ut av stortingslokala.

– Nei, det har eg ikkje bestemt meg for på dei få timane dette har vore aktuelt, ler ho.

Gler seg over borgarleg regjering

Frp-leiar Siv Jensen sa måndag kveld adjø til Jens Stoltenberg og lova knallharde forhandlingar i ei ny borgarleg regjering, då ho inntok scenen til trampeklapp på Frp si valvake.

Les:

Framstegspartiet har gått til val på ein strengare asylpolitikk og ein betre helse- og eldrepolitikk, og har vorte det tredje største partiet i landet

No tyder alt på at partiet skal site i regjering dei fire neste åra.

Sjølv om Mette Hanekamhaug ikkje får vere med i regjering saman med partiet sitt, deler ho gleda over FrP sin suksess.

– Eg synest det er utruleg bra. Det er det tredje beste valresultatet til Framstegspartiet nokon gong.

Les politikarportrettet av Mette Hanekamhaug (FrP)

(Artikkelen held fram under røysteopptellinga)

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Valgresultat 2013 for Møre og Romsdal» i nytt vindu

Klarte ikkje å kapre nok veljarar

Arbeidarpartiet sin tredjekandidat, Tove Lise Torve, skjønte tidleg at ho måtte kjempe ein tøff kamp for å behalde stortingsplassen sin. Løysinga var å dra ut på ein tre veker lang campingtur for å kapre veljarar.

Les:

Dessverre for Torve og Arbeidarpartiet var ikkje det mykje hjelp i.

Arbeidarpartiet hadde ein tilbakegang på 5,5 prosentpoeng i Møre og Romsdal, og Tove Lise Torve vert dermed ikkje ein del av Mørebenken 2013-2017.

– Eg er glad for at Arbeidarpartiet framleis er det største partiet i Noreg. Samstundes er eg sjølvsagt skuffa over at det vart så stort borgarleg fleirtal og eg er også skuffa over at eg sjølv ikkje får vere på Stortinget dei neste fire åra.

Les politikarportrettet av Tove Lise Torve

Tove-Lise Torve på Valg Camp

Tove Lise Torve la ut på 'valcamp' for å kapre veljarar.

Foto: Privat

– Intensivt, lærerikt og meiningsfullt

For fire år sidan kom Tove Lise Torve feiande inn på Stortinget etter ein sterk sluttspurt i valkampen. Ho ser tilbake på dei fire åra som har gått med glede.

– Det var først og fremst ei stor tillitserklæring å få vere ein del av Stortinget. Det har vore intensive, lærerike og meiningsfulle år.

49-åringen frå Sunndal er eigentleg utdanna sjukepleiar, og var ordførar i heimkommunen i to år før ho vart valt inn på Stortinget der ho har site i Justiskomiteen.

No er vegen vidare usikker.

– Eg har ikkje tenkt på kva eg skal gjere no. Eg har fått det spørsmålet fleire gongar og då berre skrattar eg og seier at eg må til å gjere noko ærleg arbeid, ler den tidlegare stortingsrepresentanten.

Mørebenken 2013-2017

Frå Mørebenken 2009-2013 er heller ikkje Svein Gjelseth (Ap) med. Han har site på Stortinget sidan 2005 og ga i mars 2012 beskjed om at han ikkje ønskte renominasjon.

Les:

Arnulf Goksøyr (H) fekk ikkje nok røyster til å kome inn på Stortinget, det gjorde heller ikkje Styrk Finnøy (Miljøpartiet De Grønne) eller Ingrid Opedal (SV).

Her er Mørebenken 2013-2017