Hopp til innhold

Handsrekning til industrien

Fylkeskommunen prøvar å hjelpe dei som er ramma av nedgangen i olje- og gassnæringa,og har sett av 7,4 millionar kroner som skal gå til omstilling for leverandørindustrien. Klynger og nettverk av bedrifter kan søke, medan enkeltbedrifter ikkje kan søke om pengestøtte. Målet er meir forsking, nytenking og at lærlingar skal få fullført utdanninga si.