NRK Meny
Normal

Handballtrenar kallar kampen i kveld "årets kamp"

Trenaren kallar kveldens handballkamp for Molde Elite for "årets kamp". Det seier alt om kor viktig det er å vinne.

Dusan Poloz

Molde-trenar Dusan Poloz er spent framfor kampen mot Skrim Kongsberg søndag ettermiddag.

Foto: Yngve Hustad Reite

Trenaren for handballaget Molde Elite er ikkje smålåten framfor kampen mot Skrim Kongsberg søndag ettermiddag. Han meiner det er svært viktig at dei gir alt på banen i kveld.

Eg kallar det årets kamp i hovudet mitt, men det seier eg ikkje til jentene for spenningsnivået er allereie høgt nok. Vi må ha siger i kveld, seier Dusan Poloz.

Berre eitt poeng så langt

På to år har Molde klatra seg frå 2. divisjon og opp i eliteserien. Men Molde Elite har førebels berre eitt poeng i serien, og det er berre to kampar igjen før pause ved jul. Trenaren meiner alderen til mange av spelarane har vore avgjerande.

Vi har eit svært ungt lag. Vi plukkar ikkje så mange poeng, men sesongen har gått som forventa, seier han.

Vil kjempe heile kampen

Trenaren seier spelarane er både nervøse og glade framfor møtet mot Skrim Kongsberg. For få dagar sidan tapte dei mot Glassverket i semifinalen i cupen, og det likte laget dårleg. Kampen mot Sola nyleg på heimebane i serien, tapte dei også, og no vil han ta revansj.

– Dette blir ein vanvitig viljekamp. Vi må komme oss ut av den dårlege perioden vi hadde mot Glassverket, og det går på vilje og innsats. Vi kjem til å kjempe heile kampen, lovar han.

– Kva gjekk gale?

– Vi mangla rutine og erfaring. Eg trur vi står betre rusta no enn for seks veker sidan, seier han.

Både Molde og Skrim er i nedre halvdel av tabellen, og trenaren seier kvar pasning, ball og takling kan vere avgjerande. Han har likevel eitt klart råd til jentene søndag ettermiddag:

– Ha det moro!