Hopp til innhold

Han vil selje norsk luft på boks

Australske Rory Patterson kom til Noreg og fekk kjenne frisk, rein luft. No vil han tene pengar på å selje den til resten av verda.

Rory Patterson

Norsk natur skal prege sprayflaskene som Rory Patterson lanserer tysdag. «Pure Norway – Simpy Better» er slagordet, og konseptet er frisk, norsk luft på sprayboks!

Foto: Purenorwayair

Rein luft i spesialdesigna boksar skal gi turistane høve til å ta med seg den reine lufta heim frå ferien. Selskapet "Purenorwayair" er lokalisert på Vågstranda i Rauma, og Rory Patterson er ein av dei som står bak. Selskapet har mellom anna fått hjelp frå den kommunale "Nordveggen", som skal gjere det lettare å vere gründer i Rauma.

– Eg må vedgå at vi lurte litt då Rory Patterson kom inn på kontoret vårt og lanserte ideen om å selje frisk, norsk luft på sprayboks, fortel Ane Marte Almås Hammerø i Nordveggen.

Ane Marte Almås Hammerø

Ane Marte Almås Hammerø ved Nordveggen i Rauma hjelper til med lanseringa av luft på boks.

Foto: Nordveggen AS

Men Almås Hammerø, som har som jobb å bidra til etablering av bedrifter, veit at dette er mogleg, og hjelper selskapet med lanseringa.

Business i andre land

– Dette er allereie ein business i Asia. Mange der lever i området med mykje forureining, og då synest dei det er godt å kome heim å ha kald, rein luft som dei kan reinse lungene sine med.

Og det er her australiaren Rory Patterson og hans gründertankar kjem inn.

– For turistar som bur i sterkt ureina område må dette vere ein unik suvenir å ta med seg heim. For andre kan det vere ei spesiell gåve, der dei let andre ta del i den opplevinga dei sjølve har hatt, seier Patterson.

Rory Patterson

Rory Patterson meiner han lanserer eit produkt som kan kome til nytte.

Foto: Purenorwayair

Han kan vise til at Verdas helseorganisasjon meiner at så mange som sju millionar menneske i verda døydde på grunn av luftforureining i 2012.

– Frisk luft på boks kan vere eit alternativ til norske troll som er produserte i Kina, supplerer Hammerø.

Ho fortel at mykje at gründerskapen i Rauma er lokal, men og at det ikkje er uvanleg at folk som kjem utanfrå kan sjå potensialet på område "innfødde" ikkje har tenkt på.

Ifølge Patterson skal norsk natur prege sprayflaskene, som dessutan skal vere gjenvinnbare. Når produktet blir lansert tysdag har Purenorwayair gjort alvor av Øystein Sunde sin songtekst – dei har putta luft på flaske, og meiner at den kan kome til nytte.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL