Hopp til innhold

Han vil samle inn millionen til kreftsaka

Robin Halsebakk (26) frå Ålesund syklar Noreg på langs for å samle inn pengar til kreftsaka. Han har opplevd dødsfall i nær familie dei siste åra, og er godt motivert når han straks syklar frå Sunnmøre og heilt til Kirkenes.

Robin Halsebakk syklar for kreftsaka

Robin Halsebakk (fremst) syklar for kreftsaka. Her er han på veg inn til Marine Harvest sitt anlegg på Eggesbønes i Herøy for å motta fleire sjekkar.

Foto: Arne Flatin / NRK

Turen starta allereie 1. juni på Sørlandet og no var altså turen komen til heimeområdet, Sunnmøre. Halsebakk arbeider i brønnbåtreiarlaget Sølvtrans i Ålesund der faren Roger er sjef og gründer.

Med seg på turen har han blant andre Petter Gunnarstein, som er arbeidskollega med Robin.

Gunnarstein seier han kom inn i bildet då Robin trengde ein som kunne vere med på prosjektet, som hadde bubil, kunne lage mat og vere motivator. Han er også teamet sin kontaktperson mot media og sponsorar.

Robin Halsebakk mista morfaren sin i kreft i 2010, han mista ei kjær tante i fjor og for ikkje lenge sidan døydde mora til ein god kamerat av sjukdomen.

–Det er ein sjukdom som rammar mange, alt for mange, seier han.

400 000 så langt

På dagens etappe starta teamet utanfor Myklebust Verft i Sande der Sølvtrans har ein båt under bygging. Utanfor verftet fekk han fleire sjekkar frå lag, organisasjonar og bedrifter. Midt på dagen i dag var det samla inn totalt 400 000 kroner sidan turen starta 1. juni.

Frå Gurskebotn sykla Halsebakk med følgje til Gjerdsvika, der det var nye sjekkar å få utanfor nærbutikken. I tillegg møtte barnehageborn opp for å synge for 26-åringen.

Turen derifrå gjekk til Herøy og både Fosnavåg, Mjølstadneset og Eggesbønes vart besøkt for å ta i mot nye sjekkar frå næringslivet.

På turen i dag var også syskenbarnet Malin Mek og sonen hennar, Markus Mek. Då runden i Herøy vart gjort unna heldt turen fram over Hareidlandet til Ålesund. Endestasjonen er altså i Kirkenes, men før den tid skal han mellom anna innom sykkel-NM i Stjørdal. Han er ikkje redd for at det vert einsame dagar på sykkelen. Der er alltid nokon som vil sykle korte etappar saman med han.

Og han både håper og trur at han skal nå målet sitt om å samle inn minst ein million kroner til kreftsaka.

Malin Mek, Robin Halsebakk, Petter Gunnarstein og Markus Mek

Frå venstre: Malin Mek, Robin Halsebakk, Petter Gunnarstein og Markus Mek

Foto: Arne Flatin / NRK