Hopp til innhold

Han toppar lista i Møre og Romsdal

Ein Ålesundar toppar formuelista i Møre og Romsdal. Sverre Andreas Farstad har litt under ein milliard kroner i formue, og er dermed den rikaste personen i Møre og Romsdal.

Sverre A. Farstad

FORMUE: Ålesundaren Sverre Andreas Farstad har ei formue på nesten ein milliard kronar.

Foto: Jan Åge Sundnes / NRK

Styreformann Sverre Andreas Farstad er største aksjonær i Farstad Shipping, og kan no skilte med heile 976.957.044 kroner i formue. Det viser Skattelikninga for 2013 som blei offentleggjort natt til fredag.

Det betyr at Farstad igjen troner høgst på formueslistene i Møre og Romsdal. Også i 2012 låg han øvst på listene.

Tala er basert på førebels skattetal frå Skattedirektoratet. Tala kan innehalde feil som vil bli retta når klagebehandlinga er ferdig. Vi gjer difor merksam på at det kan vere feil i listene.

Flest menn i toppen

På toppen får Farstad selskap av Aage Remøy i Rem Offshore som tek andreplassen i fylket med sine 611 millionar kroner i formue.

Konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulsteinkonsernet

ULSTEIN: Gunvor Ulstein (på biletet) og søstera Ingerid Ulstein er dei einaste kvinnene blant dei ti rikaste i Møre og Romsdal.

Foto: Herskedal, Kjell / SCANPIX

På tredjeplass finn vi broren til Sverre Andreas Farstad, nemleg Jan Henry Farstad, også i Farstad-konsernet. Han står oppført med 568 millionar kroner i formue for inntektsåret 2013.

Blant dei ti rikaste i Møre og Romsdal er det klart flest menn. Berre to av dei ti er personane på lista er kvinner.

Men Farstad brørne er ikkje det einaste syskenparet på lista. Som dei einaste kvinnene på lista finn vi søstrene Ingerid og Gunvor Ulstein.

Høgst på lista finn vi Ingerid Ulstein på sjuande plass med ei formue på 275.482.709 kroner, etterfølgt av Gunvor Ulstein på åttande plass med ei formue på 255.979.598 kroner.

Ingerid Ulstein er administrerande direktør i investeringsselskapet Ulsmo AS og dotterselskapet Ulsmo Eiendom AS, medan Gunvor Ulstein er konsernsjef i Ulstein Group og administrerande direktør i Ulstein Shipping.

Dei ti rikaste i Møre og Romsdal

 Namn

 Født

 Postnr

 Kommune

 Formue

 Inntekt

 Skatt

Sverre Andreas Farstad

1952

6017

Ålesund

976.957.044

0

11.006.006

Aage Johan Remøy

1950

6094

Herøy (m.r.)

611.958.278

2.359.853

7.672.741

Jan Henry Farstad

1953

6010

Ålesund

568.478.056

0

6.257.806

Leif Inge Karlsen

1956

6518

Kristiansund

309.727.866

12.154.921

6.793.657

Paul Ingebrigt Huse

1986

0178

Ålesund

291.761.781

240.095

3.266.768

Egil Giørtz

1970

6015

Ålesund

280.500.036

681.871

3.345.102

Ingerid Ulstein

1971

6065

Ulstein

275.482.709

7.084.206

5.329.150

Gunvor Ulstein

1969

6065

Ulstein

255.979.598

2.694.885

4.032.359

Hans Olav Aakvik

1969

6680

Halsa

254.844.396

1.584.541

3.224.187

Tore Ulstein

1967

6065

Ulstein

246.568.770

2.964.605

4.000.601

Kilde: Tall fra Skattedirektoratet.

Ekspander/minimer faktaboks