Hopp til innhold

Han er Trump sin mann i Molde

3.-klassingane ved Molde vidaregåande skule er svært engasjert i USA-valet. I natt sat dei oppe og fylgde debatten, men det er berre ein i klassen som støttar Donald Trump.

Anders Bringslid

Anders Bringslid seier at folk berre ser dei negative sidene til Trump og ikkje alle dei gode kvalitetane han har.

Foto: Remi Sagen / NRK

Den tredje og siste debatten mellom Hillary Clinton og Donald Trump gjekk av stabelen i natt. Det vart mindre skitkasting enn i dei to tidlegare debattane, men ein hard duell. Det som sjokkerte mange var at Trump nekta å svare på om han ville godta valresultatet.

3.-klassingar ved Molde vidaregåande skole er så engasjerte at dei droppa nattesøvnen for å få med seg det som skjedde i USA.

– Det angår meg fordi det kan påverke min kvardag i stor grad. Det kan jo føre til at vi får ein ny verdskrig til og med, seier Marie Solgard.

Marie Solgard

Marie Solgard er politisk interessert og synest valet i USA er spanande på fylgje med på. Ho heiar på Hillary Clinton.

Foto: Remi Sagen / NRK

Støttar Trump

I klasserommet er det alle bortsett frå ein som heiar på Clinton.

Anders Bringslid er ikkje i tvil om at han ville ha stemt på Donald Trump dersom han fekk stemme. Han har budd i eitt år i Alabama og seier at han vart påverka av sørstatane.

– Eg støttar mange av argumenta til Trump og det han står for, seier Bringslid. Han skulle gjerne ha fått med seg fleire i klassen og føler at dei har sett berre dei negative sidene og ikkje ser det store biletet.

– Trump er ein fantastisk businessmann. Mange seier at han vil køyre økonomien på ræva, men det trur eg ikkje, seier 3.-klassingen.

3. klasse ved Molde videregående skole

Natt til torsdag sat desse elevane ved Molde vidaregåande skole vakne for å sjå debatten.

Foto: Remi Sagen / NRK

LES OGSÅ:

Sterke personlegdomar

Etter nattas USA-vake tok læraren opp tråden med debatt og gruppearbeid. Lærar Leif Magne Lervik seier at interessa blant elevane er svært sterk. Han trur grunnen er at dei sterke personlegdomane til presidentkandidatane, som står rakt mot kvarandre.

– Valet i USA betyr mykje for Noreg og så er det sjølvsagt eit grenselaust mediesirkus, seier Lervik. Han seier at elevane har vore engasjerte heilt sidan den spanande nominasjonsprosessen. Sjølv meiner han at dette er det mest spesielle valet han har følgt med på frå sidelinja.

– Spelereglane har endra seg. Trump er ein laus kanon på dekk, seier Lervik.

Leif Magne Lervik

Lærar Leif Magne Lervik trur interessa til elevane er ekstra stor fordi presidentkandidatane har så sterke personlegdomar.

Foto: Remi Sagen / NRK

Kvinnefiendtleg

Marie Solgard er sjølv politisk interessert og håper at Clinton vert den nye presidenten i USA.

– Eg vil heller ha ei lett forkjøling enn pest. Hillary har sine feil, men ho er ein betre kandidat enn Trump som er kvinnefiendtleg og diskriminerer, seier Solgard.

Sjølve presidentvalget går av stabelen tysdag 8. november.