Hopp til innhold

Han er sjømannsprest på turistferje i Geiranger i sommar

Morgan Berg (32) har ein spesiell sommarjobb: han er sjømannsprest. Og det på ei ferje inst i Geirangerfjorden.

Morgan Berg er turistprest

Morgan Berg kan meir enn teologi, og viser gjerne Mette Dahler Andersen frå Mjøndalen fossefalla og fjellgardane i Geirangerfjorden.

Foto: Synnøve Hole

Morgan Berg må vere den første sjømannspresten som seglar så langt innanskjærs som i lengst inn i Geirangerfjorden.

For medan sjømannsprestar flest oppsøkjer framande hamner i utlandet, skal han tilby åndeleg rettleiing hos turistar og utanlandske tilsette i hotellnæringa, og om bord på ferja Bolsøy mellom Geiranger og Hellesylt.

Austeriksk turist

Den austerrikske turisten er glad for å ha presten om bord, men seier ho først ville oppsøkt han dersom vêret var elendig og ho var heilt fortvilt.

Foto: Synnøve Hole

Dersom vêret var heilt elendig, og det regna veldig mykje, og eg var heilt fortvilt, då ville eg bedt presten om hjelp, seier ei kvinne som er på veg ut geirangerfjorden saman med ein heilt busslast med austerrikske turistar.

Første turistpresten i Geiranger

Turistar ombord i turistferja

Turistane blir alltid imponert over naturen, fjella og fjorden når dei kjem til Sunnmøre.

Foto: Synnøve Hole

Ho er ikkje åleine om å ønskje presten velkomen i ny praksis, men vedgår at ho blei litt overraska då ho såg mannen med prestesnipp stige om bord i ferja.

Aldri før har Møre bispedømme hatt ein eigen turistprest i Geiranger.

– Eg merkar det er overraskande stort ønske og behov når eg først kjem til det stadiet at dei skjønar at dei kan prate dersom dei ønskjer det, seier Morgan Berg.

Langt utanfor si eiga komfortsone

Han begynte i sommarjobben for knappe to veker sidan, og seier han må gå langt utanfor si eiga komfortsone, for å tørre å ta kontakt med turistar på ferie. Til dagleg er han prest i Spjelkavik kyrkje i Ålesund, og jobbar som prestar flest.

No er ein viktig del av arbeidet å kome i kontakt med folk, og vere til stades dersom nokon vil snakke med han.

Presten møter ferjemannskapet

Morgan Berg vil gjerne at ferjemannskapet skal snakke med han, om dei slit. Her møter han f.v. Odd Hustad og Broder Bøe. Øyvind Eresvik og Iver Gjørvad med ryggen til.

Foto: Synnøve Hole

– Eg ser veldig ofte om dei har nok med å ta bilde og sjå utover fjorden, eg er ikkje interessert i å gå på dei slik at dei ikkje får gjort det dei skal, å få vere turistar utan masse innblanding frå folk som skal spørje korleis dei har det, seier han.

Glade for å ha presten om bord

Presten Morgan Berg i samtale med kafetilsett

Inga Kupetauskiene, som jobbar i kafeen på turistferja Bolsøy, trur mange om bord kan ha behov for å snakke med presten.

Foto: Synnøve Hole

Skipper Per Talleraas på ferja Bolsøy syns det er flott å ha med ein prest om bord. Berre i år er det ifølgje reiselivsnæringa venta nærare 700 000 turistar til den vesle turistbygda. Det er ikkje til å unngå at folk opplever skadar og ulykker, og kjem i situasjonar der det er godt med ein prest.

Også mange av dei tilsette i turistnæringa er langt heimanfrå.

Inga Kupetauskiene frå Litauen, som jobbar i kafeen, er glad for å ha ein sjømannsprest om bord.

– Eg trur at folk her om bord tenkjer mykje, både om seg sjølv, framtid og fortida, og kanskje treng nokon å snakke med. Då er presten den beste å snakke med, seier ho.

Presten tek bilde på ferja

Eitt av triksa for å kome i kontakt med folk, er å ta bilde for dei. Her blir Mette Dahler Andersen og Rolf Brede Andersen tatt bilde av på veg ut Geirangerfjorden.

Foto: Synnøve Hole