NRK Meny
Normal

Hamna midt i raset

Øyvind og Malin slapp med skrekken.

Øyvind Nordvik og Malin Torske
Foto: Eirik Haukenes / NRK

- Det var like før vi kom til tunnelopninga. Vi såg at det kom ein gigantisk stein som heldigvis går over bilen, seier Malin Torske. Ho sat i bilen som køyrde gjennom raset søndag kveld.

- Den landa på rekkverket og knuste det og laga store spor, fortel ho.

Rasstaden vart eit inferno av stein og sand søndag kveld. I følge politiet dekte raset ei strekning på 100 meter på riksveg 70 mellom Sunndalsøra og Ålvundeid.

Her fortel dei to om si oppleving: Havnet midt i steinraset

Møtte bil i raset

- Vi rakk nesten ikkje tenke. Det gjekk så fort alt saman, det var berre å setje klampen i botn, og kome seg inn i tunnelen, seier Øyvind Nordvik.

- Blodpumpa slo nok 200 sikker, legg han til.

Dei to kom seg ut av bilen, og fekk springe inn i næraste tunnelen.

- Vi gjekk ut av bilen og sprang så langt vi greidde, seier Torske. Bilen deira kom det mykje røyk ut av, og dei trudde det kunne ta fyr.

I raset passerte paret ein møtande bil. Mannen i den rakk aldri å kome seg i tryggleik i tunnelane.

Heldige

- Vi såg at han kom i mot, vi såg han vel midt inne i raset, men vi såg eigentleg ikkje noko meir til han, fordi det vart røyklagt og grått heile området, fortel Malin Torske.

- Vi tenkte eigentleg berre på å kome oss inn i tunnelen sjølve, og ringe etter hjelp.

Fyrst på måndag gjekk det opp for paret kor heldige dei eigentleg var.

- Eg trur ikkje det går an å bli meir redd enn det, seier Nordvik.

- Nei eg trur vi var i sjokk. Vi skjønte ikkje heilt, legg Torske til.