I trøbbel etter å ha missa trening

AaFK-trenar Jan Jönsson vil ta seg ein prat med klubben sin toppscorar, Abderrazak Hamed-Allah.

Hamdallah

Abderrazak Hamed-Allah har scora 11 mål for AaFK i Eliteserien. Dei siste kampane har dårleg oppførsel og stjernenykker drege fokus vekk frå scoringane.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Ein alvorsprat var tenkt på treninga tysdag, men då møtte ikkje marokkanaren opp, melder Sunnmørsposten.

Hamed-Allah

Hamed-Allah har vore eit tidvis fyrkveri for Aalesund - på godt og vondt.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

– Han har rett nok ein liten skade, men eg har ikkje fått beskjed om at han har sagt frå til medisin heller, seier Aalesund-trenar Jan Jönsson til avisa.

Abderrazak Hamed-Allah blei AaFK sitt dyraste spelarkjøp noko sinne, då han i februar blei henta frå Olympique Safi.

Han har scora 11 mål for dei oransje og blå, men den siste tida har dårleg oppførsel og stjernenykker fått meir merksemd.

Jan Jönsson

Jan Jönsson stadfestar til Sunnmørsposten at enkelte har reagert på Hamed-Allah sin veremåte.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Enkelte har reagert

Etter ein glimrande sommar har det gått dårlegare for AaFK. Laget har ikkje vunne sidan 2-1-sigeren borte mot Tromsø. På dei sju siste kampane har det blitt skarve tre poeng.

Etter det litt sure tapet mot Strømsgodset søndag var trenar Jönsson langt frå fornøgd med stjernespissen, som allereie då varsla ein alvorsprat med Hamed-Allah.

Allereie etter kampen brukte trenaren ordet «egotripp» i prat med Sunnmørsposten. Manglande oppmøte på treninga tysdagbetrar ikkje standpunktet, og avisa i Ålesund skriv at spelarar og tilsette har reagert på spissen sin oppførsel i det siste.

– Det kan stemme at enkelte har reagert, men frustrasjonen går nok ikkje berre på Hamed-Allah.

– Men klart, han er nok éin av fleire som både eg og spelargruppa er litt frustrerte på når det kjem til kva signal ein gir utad, seier Jönsson.

Til VG seier direktør Henrik Hoff at det heile botnar i ein misforståelse etter ei behandling med fysioterapeut måndag.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.