Hopp til innhold

Halvering av fråværet i vidaregåande skule

Fråværet i den vidaregåande skulen i Møre og Romsdal er halvert frå førre skuleår til skuleåret vi nettopp har lagt bak oss. Årsaka er mest truleg den nye grensa for kor mykje fråvær elevane kan ha.

Romsdal videregående skole

Dette er Romsdal vidaregåande skule i Molde, ein av dei store vidaregåande skulane i Møre og Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Ved inngangen til skuleåret 2016–2017 blei det innført nye reglar for kor mykje fråvær elevane i dei vidaregåande skulane kan ha i Noreg. Grensa inneber at elevane ikkje kan vere vekke frå undervisninga meir enn 10 prosent av timane i eitt fag. Er dei vekke frå undervisninga meir enn dette får dei ikkje karakter i faget.

Erik Brekken

Erik Brekken er fylkesutdanningssjef i Møre og Romsdal.

Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

I dag er statistikken presentert. Og medan gjennomsnittet i Møre og Romsdal låg på 6 dagars fråvær i 2015–2016 er dette redusert til 3 dagar for 2016–2017.

– Desse tala er svært gledelege for skule-Noreg. Reglane som blei innført svært raskt før dette siste skuleåret ser ut til å ha gjeve svært gode resultat. Og for Møre og Romsdal ser det ut til at vi får gode indikatorar på gjennomføringsgraden også, seier utdanningssjef Erik Brekken til NRK.

– Stor nedgang på yrkesfag

Møre og Romsdal har også tidlegare hatt lågare fråvær i den vidaregåande skulen enn landsgjennomsnittet. Og no ser ein at reduksjonen i dei yrkesfaglege studieretningane er ekstra stor.

Det er ekstra gledeleg at vi har fått ned fråværet på yrkesfag. Det er der utfordringa med fråvær har vore størst, seier Brekken.

– Og det er ingen tvil om at det er endringa av reglane som er årsaka til nedgangen?

– Det er i alle fall her vi har eit stort knekkpunkt i statistikken. Vi har vore tett på skulane heile vegen. Og alle rapporterer om at klasseromma har vore betydeleg betre oppfylt av elevar.

– Positiv utvikling

Reglane som blei innført før skulestart hausten 2016 var kontroversielle. Mange frykta for eksempel at fleire elevar ville gje opp halvvegs i skuleåret når dei såg at dei ikkje hadde godt nok frammøte på skulen.

– Dette har ikkje slått til. Vi har faktisk litt færre elevar som får «ikkje vurdert» som følgje av fråvær. Også dette er svært positivt, seier Brekken.

– Klare rammer

Med den nye fråværsgrensa har elevane fått eit nytt sett med tydelege rammer for kva som er forventa av frammøte. Nærvær skal føre til auka kunnskap, seier fylkesutdanningssjefen.

– Vi skal også klargjere ungdommane til det dei skal ut i etter vidaregåande skule. Over halvparten av elevane skal ut som lærlingar. Oppmøte, og å vere presis kvar dag, er eit viktig fortrinn. Fråværsgrensa har ført til at elevane møter opp på skulen i større grad enn før.

– Undervegs i skuleåret var det fleire som fortalde at elevar møtte opp til undervisning sjølv om dei var sjuke, og at fysisk frammøte var blir viktigare enn å vere til stades reint mentalt? ...

Dette var ei av dei første meldingane som kom inn. Og vi hadde kanskje ei overdriva frykt for fråværsgrensa i starten. Intensiteten kring misnøye stilna svært mykje ut over i skuleåret, seier Brekken.

– Bråket stilna

Brekken kan heller ikkje sjå at grensa på 10 prosent fråvær har slått særleg sterkt ut i fag med få timar i løpet av eit semester. Også bråket kring køyreundervisning har stilna.

– Det har stilna her også. Så eg vonar at dei næringane som har vore direkte berørt av fråværsregelen har funne ein fin måte å møte kundane sine på, seier fylkesutdanningssjef Erik Brekken.

Fråver

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL