Det var i halv åttetida fredag kveld at B-ferja på sambandet MF Stryn fekk problem.
– Det oppstod eit mekanisk problem og ferja fekk problem med giret, seier regionsleiar i Fjord1 Børre Eimhjellen.
Fjord1 jobba med fleire alternativ for å løyse problemet. Klokka 13.25 var ferja tilbake i sambandet.
– Det blir jobbar hardt med å reparere problemet. I tillegg jobbar vi med å bemanne opp ei reserveferje, sa Eimhjellen til NRK laurdag førmiddag.
Også ferjesambandet mellom Hundeidvika og Festøya var ferja innstilt ei periode laurdag på grunn av tekniske problem. I dette sambandet vart det normal drift att klokka 15 laurdag.